ANNONSE:

Arill Riise

Forfattarmøte - Arill Riise om boka «Der ingen var einsam : klyngetunet som vart utsletta»

Surnadal bibliotek inviterer til spennande bokprat med TV-profilen Arill Riise!

Onsdag 19. mars kl. 19:30
På Surnadal Frivilligsentral. (NB)
Gratis inngang. Boksalg & signering.

Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.

I "Der ingen var einsam" skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Gå ikkje glipp av å høyre frå denne dramatiske, men nære og varme forteljinga!

Hjarteleg velkomen!

Arrangert i samarbeid med Litteraturhus i Møre & Romsdal.

Powered by Labrador CMS