SKUV forbereder seg til ei h**vetes god jul
Trollheimsporten var innom Surnadal Kulturhus laurdag, for å snakke med Rune Dalager om årets «Merry F**king Christmas» i regi av SKUV. Musikarane var i full sving med øving da Trollheimsporten kom til Rockerommet, og vi kan bekrefte at dette blir bra!
Årets show inkluderer 14 nye songar, bortsett frå «Fairytale of New York», som har vorte ein slags signatursong, fortel Rune. Det blir òg revyliknande komedieinnslag, og underhaldning levert av Dansekompaniet.
Det er ikkje berre songane som er bytta ut i år. Nokre av artistane er òg med for første gong.
Gjengen på scena består av:
Vokalistar: Toril Moe, Pål Sæther, Karstein Mauset, Gunn Astrid Hove, Ellen Svendsen Fiske og Øystein Hjelle Bondhus.
Band: Ola Langli på gitar, Rolf Paulsen og Brage Kristian Einum på tangentar, Sondre Skogseth på bass og Olav Nergård Tørset på trommer.
Humorinnslaga er det Håkon Solem, Eirik Nordvik og Olav Mogstad som står for.
Ein kan ikkje unngå å legge merke til tittelen til showet. Det er ei samansetting av ord som ikkje alle har vore like begeistra for.
– Det er ikkje meint bokstaveleg, kjem det kontant frå Rune.
– Det er litt som ein meir rocka, kulare måte å helse god jul på. Næraste oversetting blir «ha ei h**vetes god jul, då». Dette skal ikkje være ein tradisjonell julekonsert, og vi vil at tittelen skal kommunisere det. Før hadde vi ein undertittel som forklara at det var ein annleis julekonsert, men den er borte no.
– Vi meiner altså ikkje å vere respektlause med jula, forklarar Rune.
Tittelen skremmer ikkje vekk publikum, i alle fall. Det har nemleg vore utselde konserter kvart år.
– Billettane til årets førestillingar er no lagt ut, og mange av dei er allereie kjøpte. Det kan difor lønne seg å vere rask for å sikre seg ein plass, avsluttar Rune.
ANNONSE:
Årets førestillingar i Surnadal Kulturhus:
Fredag 6. desember kl. 19.00
Laurdag 7. desember kl. 19.00