Vårkonsert med lokal stjernetrio
Dei har sett området vårt på kartet - både nasjonalt og i Europa. Laurdag 6. april kjem Erling With Aasgård, Anders Larsen og Sigrid Vetleseter Bøe med ein stemningsfull Vårkonsert til Åsskard-kyrkja!
Frå musikkens skattkiste serverer dei perler som ein elles må reise langt for å høre. Konserten vil fryde alle sine ører.
Anders lovar oss Svendsens «Romanse» og Massenets «Meditasjon» på sin edle Testore-fiolin (bygd i Milano 1735). Berre den fela er verdt besøket! Både som solist og symfonimusikar i Trondheim har surnadalingen Anders eit nært forhold til dette klassiske stoffet.
Sigrid gler seg til å koma heim og fylle kyrkja si med store tonar av Mozart, Haydn og Brahms ved sida av smågodt av yndlingen Edvard Grieg. Ho er for tida i full sving med Wagners «Parsifal» på Kungliga Operan i Stockholm.
Erling kompar dei to andre, men lovar også orgelbrus av Mozart og Bach, blant anna den artige og folkelege «Bondefugen».
Som trio samlar Sigrid, Anders og Erling seg i lekre klangar av Richard Strauss og G. F. Handel.
Erling fortel at konserten markerer minnet om hans far, Bjarte With Aasgård, som døde i fjor. Minnegåva frå gravferda dekkjer utgiftene. - Difor er konserten heilt gratis for publikum, seier han. - Men den som vil, kan gjerne gi ein kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid i Åsskard!
Soknerådet er arrangør og håpar folk her heime kjenner si besøkelsestid. Det kan bli lenge til neste gong ein slik trio er på heimetraktene!
ANNONSE: