
Vårsøghelg-jubileum med høg standard
I år har Vårsøghelga 30-årsjubileum, og det skal feirast med eit rikhaldig program med høg kvalitet og med mange kjente norske artistnamn som Ingeborg Bratland, Ingrid Bjørnov, Herborg Kråkevik, Kari Svendsen og mange fleire.
Programmet vart presentert av styreleiar Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen på Surnadal kulturhus onsdag.

Ole Magne framheva kor viktig frivilligheita er for gjennomføringa av Vårsøghelga. Ein stabil styresituasjon også er positivt. Dei to, saman med fleire frå styret, har jobba lenge med programmet for jubileumshelga. Dei meiner dei har fått på plass eit godt program med høgt nivå, som gjev eit fint bilete på kva Vårsøghelga er.
Opning med kunstutstilling og konsert
Årets Vårsøghelg startar med opning av kunstutstilling med årets Vårsøg-kunstnar Lars Korff Lofthus i Finstuå på Surnadal kulturhus torsdag 22. mai. Kunstutstillinga er i regi av Surnadal kunstforening

Seinare same kveld er det opningskonsert med Ingrid Bjørnov og flygel i Storstuå på kulturhuset. I kjent stil vil ho svinge seg saumlaust frå Bach til brekkbønner.
Innhaldsrik fredag
Fredag 23. mai startar med minimusikalen «Mio, Pio og vennskapsknuten» av og med Trio Krøll og Bøll, for dei eldste ungane i barnehagane i kommunen, i Svokasalen på kulturhuset.
Elevane på 9. trinn blir også i år invitert til skulekonsert i Storstuå, der den tradisjonelle Henningtimen blir arrangert. Under Henningtimen blir Henningstimpendet for 2025 delt ut.
Sparebank 1 Nordmøre og Surnadal næringsforening inviterer også i år til «Saman for Surnadal», der temaet i år er «Med hjarte for bygda». Ole Magne Ansnes er konferansier, og Jenny Klinge og Svein Håvard Saksen er to av gjestane.
Fredag kveld blir det konsert og pubkveld på Surnadal Billag, med visegruppa Famntak og «Banjo-Kari» Svendsen.
Kari Svendsen er kjent som revyartist, visesonger, gitarspelar og banjospelar. Ho debuterte på plate for 57 år sidan, med singelen «Grannie», saman med The Young Norwegians (1967) før hun vart med i Øystein Sundes Christiania Fusel & Blaagress, og ga ut singelen «Mamma vi’kke ha» i 1968.

På 70-tallet var Kari Svendsen gjesteartist på ei rekkje plater, med alt frå Øystein Sunde, Convivium, Jan Eggum, Knutsen & Ludvigsen, Lillebjørn Nilsen, Erik Bye, Åge Samuelsen og Vandrerne og ho gjorde seg bemerka i fleire revyar. Kari Svendsen er ein av dei mest turnerande artistane i landet, med alt frå Riksscenen til eldrehjem som boltreplass.

Famntak
består av fire surnadalingar, som har gått gradene frå kulturskulen til å leve
som profesjonelle utøvarar; Tone Søyset Døving (song), Trygve Brøske (piano)
Anders Larsen (fiolin) og Jostein Ansnes (gitar).
Noko for ein kvar smak i Kulturhuset
Laurdag 24. mai startar med familietorg. Kulturskulen skal ha ei framsyning i Storstuå, og det blir boksøg leia av Svein Sæter i Kammerset på kulturhuset, Forfattaren her vil bli presentert seinare.
På ettermiddagen blir det standup-konsert i Finstuå med Atle Sponberg på fiolin og Knut Erik Sundquist på kontrabass. Sponberg og Sundquist er to av Norges aller fremste musikarar. Dei tek for seg musikk frå oldtida og fram til dagens musikk. Ved bruk av ein god porsjon humor og sjølvironi, på eigne og musikkhistoria sine vegne, får dei begrepet "musikkhistorie" til å falle ned frå si høge hylle.
Kleivakveld med Ingebjørg Bratland
På laurdagskvelden er det Kleivakveld med mellom andre Ingebjørg Bratland, songstrupen frå Telemark som med sin musikalitet, utstråling, sjangerbredde og stemme har vunne Landskappleiken, Spelemannspris, Wenche Foss´ærespris m.m. Ingebjørg Bratland sine opptredener i Slottsparken, Jul i Svingen, Hver gang vi møtes, og samarbeidet med Odd Nordstoga har etablert henne som ein av våre aller mest folkekjære artistar.

Under Kleivakvelden får vi også høyre legenda Kari Svendsen, også kjent som «Banjo-Kari», og sjølvsagt kjem Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Surnadal hornmusikk. Under Kleivakvelden blir også Surnadal kommune sin «Kleivapris» delt ut, og vi får ungane si diktmønstring.
Dersom det blir svært dårleg vær, blir konserten flytta inn i Kulturhuset. Informasjon om det kjem i så fall same veke.
Konsert og kaffelag på Nordvik
Søndag 25. mai blir det konsert og kaffelag hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Her blir det folkemusikkonsert med Ronny Kjøsen på trekkspel, Bryan Gear på fele, song av Marit Løfaldli og Karstein Mauset, som også spelar gitar.
Denne konserten er er via til folkemusikken, og i hovudsak folkemusikk frå Shetland. Folkemusikaren Bryan Gear frå Shetland, er ein av dei aller fremste formidlarane av Keltisk folkemusikk.
Ronny Kjøsen er ein av dei mest allsidige musikarane i regionen, og han har invitert med seg gode vener og medmusikantar til denne konserten. Dei vil gi oss ein unik konsert på fantastiske Slettneset Steinovnsbakeri, med sal av kaffe og bakst attåt.

Stemmeprakt i Stangvikkyrkja
På ettermiddagen er det konsert i Stangvik kyrkje, og som etter kvart har vore for ein institusjon å rekna i Vårsøghelga si 30-årige historie. Her har vi fått høyre nasjonale og internasjonale musikarar på absolutt høgste nivå. I år er ikkje noko unntak, når Trio Mediæval, Arve Henriksen, SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre, Henning Sommerro og John Pål Inderberg inntek scena i kyrkja under 30-årsjubileumskonserten.


Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene
Vårsøghelga 2025 blir avslutta med avslutningskonsert i Storstuå på kulturhuset med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene. Her får vi høyre songar frå oppfølgaren til Kråkeviks songbok, og som blir lansert i mai i år. Surnadal og Vårsøghelga er ein av særs få stadar som får besøk av Kråkevik og TrondheimSolistene i samband med lanseringa.

Både Ole Magne og Anders meiner det er realistisk å kunne klare selje minst 2500 billetter til årets Vårsøghelg, og på bakgrunn av programmet, så skulle ikkje det vere urealistisk.
Kjøper billetter til årets Vårsøghelg gjer ein på Surnadal kulturhus sin heimeside, eller i resepsjonen på kulturhuset. Heile programmet med datoar og tidspunkt finn ein på Vårsøghelga si eiga heimeside.