Årsfest Rindal sokn
Møte med Gammelorganisten
Menighetens årsfest vart avvikla på Rindal Menighetshus søndag kveld, og da med gammelorganisten Ola O. Romundstad i sentrum, frå ei tid lenge før siste året.

Songkoret Kor Gøttj med Dagrun Løset som dirigent og ved pianoet opna kvelden med ei avdeling der dei presenterte noko av stoffet dei arbeidde med denne våren. Dei har øvingane sine i menighetshuset.

Hovudposten på programmet var foredrag av Marit Løfaldli om oldefar sin, den første organisten i Rindal, Ola O. Romundstad, som levde frå 1864 til 1954.
I tillegg til at han var organist, var han også songlærar og korledar for fleire kor. Og i tillegg var han bonde og dreiv med fleire ting som ikkje var vanleg for rindalsbønder, slik som for eksempel utveksling og prøving av ulike frøsortar.
Organistutdanninga hans var 5 timar med organist I. N. Brønner i Vår Frue kirke i Trondheim, som han hadde god kontakt med mellom anna når det galdt kjøp av orgel til Rindal kirke.

Kona, Guri, var også svært musikalsk. Da komponisten og folketonesamlaren Edvard Bræin for rundt på Nordmøre og samla tradisjonsmusikk, så brukte han tid med desse to på Negard Romundstad.
I foredraget fekk vi høre om ei samling av 250 skolebarn med 5 av dei 7 lærarane i bygda og folketog på 500 frå sentrum til Bolme med songen som tema.
Foredraget vart avslutta med at musikarparet framførte "Akk mon min vei til Kanaan" med tone frå Guri Romundstad. Melodien kan Guri ha lært av onnefolk som kom til Romundstadbygda frå Grip, for Grip er også oppgitt som opphavsstad for denne folketonen.
Kulturpersonen Ola O. Romundstad er også breitt omtala i jubileumsboka for Rindal kirke 150 år, "Rindal kirke - skatten vår."

Etter grundig innhogg i den delikate kveldsbufféen som soknerådet sette fram, fekk vi presentert deler av årsmeldinga frå soknerådsledaren og kyrkjevergen.
Årsmeldinga blir lagt ut på nettsidene til Rindal Sokn.