Juletrefest i Rindal

Gong rundt juletreet
Det vart to ringar rundt juletreet med dei kjente julesongane.

Håp

- Eit nytt år ber håp i seg, sa Berit Moan Møkkelgård da ho ønska velkommen til juletrefest på Rindal Menighetshus første søndagen i 2025. Det var mykje snø, men den er kvit og rein, og sola skein i liene.

Lene prest heldt fram med nyttårstankar i andakten sin. 

Nyttårsforsett kan vere noko ein skal begynne med, eller noko ein skal slutte med. Det nye året må bli betre, håpar ein.  

Vidare minte ho om den gamle klokkarbøna i kyrkja. Der heiter det mellom anna
" -  og forbedre mig hver dag i et hellig liv og levnet."
 Dette får vi ein ny sjanse til å gjere kvar morgon i det nye året, 365 dagar! 

Gode tankar å ta med seg.

Pappmodell av Rindal kirke
Ali har laga ein flott modell av Rindal kirke, måla og utført med mange detaljar.

Før matpausen fekk vi presentert ein gave som vi hadde lagt merke til framme i menighetshuset. Det var ein modell i papp av Rindal kirke laga av Ali Ahamd Mhmoud frå Syria. Han bur i Rindal Prestegard saman med familien sin og har studert kyrkja godt på nært hald. Ali er ein kar med svært godt handlag! Soknet fekk gaven via Inger Kjelås som er nabo med Ali.

Ali med modellen av Rindalskjerka
Ali Ahamd Mhmoud med den flotte modellen han har laga av Rindal kirke. Som den handverkaren han er, så hadde han laga arbeidsteikningar først. Flott og solid utført modell som var forberedt for innlegging av lys gjennom luke i golvet!
Modell av kyrkja med jente som kikar gjennom vinduet
Astrid lurte på om det var nokon inne i kyrkja.
Mange studerer kirkemodellen
Mange beundra den flotte modellen av Rindal kirke.
Modell og original
Modell og original.
Matpause
Matpause hører med på ein juletrefest!

Etter ein matpause med saft, kaffe og god brødmat var det bordkonkurranse og trekning på gratislotteri. (Betalinga vart frivillig gave til Rindal Sokn).

Barn som opnar gevinstpakkane sine
Spennande å sjå kvar som var inni dei innpakka gevinstane i gratisutlodninga. Dei vaksne fekk kvar sitt lodd ved inngangen, ungane fekk to lodd!

Og det var sjølvsagt rikeleg med gang rundt juletreet!

To ringar rundt juletreet
Amund Valde leda fint den fyldige songen rundt juletreet.
Powered by Labrador CMS