Julehopp og juledressur
Vintermoro på hesteryggen
Barna stråla av glede på det kalde julearrangementet i ridehallen.
I 2001 vart Surnadal og Rindal rideklubb slått
saman til Trollheimen ride- og kjørelag, og i år er det ti år
sidan Trollheimshallen stod ferdig. Søndag var det igjen tid for julearrangement
i hallen
Det var kaldt i hallen, men det stoppa ikkje smila til alle små og store som hadde gleda seg lenge til denne dagen. Leiar for ride- og kjørelaget, Gro Løfaldli, seier at dei gjennomfører julearrangementa for å gi aktivitet for medlemmane, og at det er veldig viktig for rekrutteringa i klubben.
– Da får vi jo med alle disse håpefulle som har gleda seg til dette arrangementet. Her er det lågterskel og rom for alle, seier Løfaldli.
Denne gongen blei det gjennomført konkurranse i klassane bom på bakken, 20 cm og 40 cm, i tillegg var det dressuroppvisning med kvadrilje og to dressurklassar.
Ride- og kjørelaget er svært nøgde etter søndagens arrangement. Dei har fått mykje skryt og gode tilbakemeldingar frå foreldre og barn.
– Det at folk er så flinke til å sette pris på det og gi skryt, gjer at det er stas for oss å arrangere. Det gir ekstra energi for oss som held på med dette, seier Gro.
Gro fortel at dei har bestemt seg for å auke hyppigheita på denne type lågterskel-arrangement. Tidlegare har det vore arrangert to gongar i året, men no vil dei satse på å få det til minst 4 gongar i året.
Etter konkurransane var det loddsalg og kåring av beste kostyme.
Gro Løfaldli og resten av ride- og kjørelaget seier at dei sett pris på dei ivrige ryttarane, aktive foreldra og alle sponsorane som gong på gong stiller med premiar til lotteriet.