Indre Nordmøre senioruniversitet og Slektsforum Indre Nordmøre
Møte om Elliot Ness
Eliot Ness leia den legendariske etterforskningsgruppa «The Untouchables» (Dei ubestikkelege) som sørga for at mafiakongen Al Capone kom bak lås og slå. Prestasjonen gjorde at Eliot Ness vart verdskjend, og eit søk på Google gir over 60 000 treff.
I 1987 vart kampen for å stoppe Al Capones gangstervelde i Chicago udødeleggjort i filmen «The Untouchables». Kevin Costner har rolla som Eliot Ness, og både Sean Connery og Robert De Niro har roller i filmen.
All informasjon, både på engelsk og norsk, fortel at Eliot Ness var son til dei norske innvandrarane Peter og Emma Ness. Men utruleg nok var det ei gåte kvar dei kom frå i Norge. Det var først rundt 2010 ar den pensjonerte hobbyslektsgranskaren Bjarne Jørpeland, etter lang tids leiting, fann dødsattesten til Peter Ness som sette han på det rette sporet. I dødsattesten stod det at han var fødd den 31.mars 1850 i Kristiansund. Det viste seg at Peter Ness kom frå Nesøya i Sunndal.
Boka «Utvandrerne» er eit resultat av Tommy Fossum sitt arbeid med utvandringa til Amerika frå Sunndal og Indre Nordmøre. Gjennom dette arbeidet har han fått god innsikt i livet til Eliot Ness.
Tor Ålbu har i mange år arbeidd med slektsgransking. I databasen sin med rundt 180 000 personar, hovudsakleg frå Indre Nordmøre, har han funne fleire norske slektningar til Eliot Ness.
Eliot Ness blir gjennomgangstemaet på møtet som Indre Nordmøre Senioruniversitet og Slektsforum for Indre Nordmøre arrangerer i kinosalen på Surnadal kulturhus den 15.januar 2025. Her vil Tommy Fossum fortelje om Elliot Ness og Tor Ålbu vil avsløre norske slektningar.
Etter ei minglestund med kaffe og noko attåt, vil Seniorfilmklubben i Surnadal vise filmen The Untouchables.
PS: Du finn meit om Eliot Ness i Tidens Krav 25.06.2011 – og sjølvsagt dersom du googlar han.
ANNONSE: