Indre Nordmøre Senioruniversitet annonserer:

Plakat med tekst og med bilde av Reidar Almås

Bygda

"Bygda - slik ho var - slik ho er - og slik ho kan bli" er temaet til Reidar Almås når Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til samling i kinosalen på Surnadal Kulturhus onsdag 19. mars kl. 12.00. Sparebank1 Nordmøre  blir også til stades. Kaffe med noko attåt blir servert i foajeen, og det er gratis inngang.

Publisert Sist oppdatert

.

Plakat med tekst og med bilde av Reidar Almås

.

Kort biografi Reidar Almås:

 

Reidar Almås er fødd i 1943 på Hølonda i Melhus kommune, der han vaks opp og flytta tilbake til med kone og to barn i 1974. Almås er sosiolog frå Universitetet i Bergen og vart dr. philos på ei avhandling om samdrift i jordbruket. Almås vart kjent for støttearbeidet for Hitra-aksjonen i 1975.

Han har vore professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU i Trondheim, der han bygde opp Norsk senter for bygdeforskning, noverande Ruralis. Almås har gjeve ut meir enn 20 bøker og er ein landskjent foredragshaldar og samfunnsdebattant. For sin innsats som bygdesosiolog fekk han i 2011 St. Olavs orden. Almås er no seniorforskar emeritus ved Ruralis og driv saman med kona Sissel kulturhuset Jårheim og besøkstårnet Tårnheim.

Powered by Labrador CMS