ANNONSE:

Sopelimekurs på Åsen bygdemuseum

Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober kl. 18.00.

Bli med og lag din eigen soplime av bjerkeris, med rettleiing frå kurshaldar Gudmund Kvendset. Sopelimen var eit mykje bruka og allsidig reiskap tidlegare, men som stort sett gikk ut av bruk etter at nye kostar, bokstaveleg tala, kom på marknaden.

Til kurset treng du:

  • Bjerkeris. Det er ein fordel om du har høve til å ta med bjerkeris sjølv, men vi kjem også til å ha med noko ekstra, om du treng å supplere undervegs
  • Kniv, evt. hagesaks til å klippe ris med
  • Knipetang til streng

Vi ordnar med streng til alle (men ta gjerne med om du har) og litt ekstra verkty om nokon treng å låne.

Kva det er lurt tenkje på når du skal samle bjerkeris:

  • Ta unge skot av bjerk, som ikkje er så lette å knekke
  • Du treng 30-40 stk til ein sopelim, ikkje større enn fingertjukkelse, ca 1 meters lengde eller meir
  • Hugs at du treng litt ulik storleik, tynnare til kosten og tjukkare til skaftet

Billettpris: 100 kr, betaling med Vipps, kort eller kontant ved oppmøte.

Vi ordnar med kaffe og noko å bite i.

Logoen til Todalen historielag
Logo Nordmørsmusea
Powered by Labrador CMS