ANNONSE:

Båt på fjorden
Årsundfjord i trafikk på Surnadalsfjorden, Årnes i bakgrunnen

Historia om ei lokalbåtrute på Nordmøre

M/B "Årsundfjord" og rute 31. Kristiansund - Glærum 1948-1966

I dette foredraget vil Jon Eikrem, fagleiar for forsking i museet, fortelje om den nye årboka til Nordmørsmusea – «Denne staden som er din» (2023) – og sin eigen artikkel om M/B «Årsundfjord» og Rute 31. Kristiansund-Glærum, 1948-1966.

Kva kan historia om ei lokalbåtrute på Nordmøre fortelle om samfunnsutviklinga i distrikts-Noreg dei første tiåra etter den andre verdskrigen? 

Om Johannes Mørkedal, båtbygging og rutetrafikk frå Surnadalsfjorden, Hamnesfjorden, Bøfjorden, Halsafjorden og Langøysundet til Kristiansund, om samkøyring med «Møre Fylke» fra 1948 til 1966, om veg- og brubygging i ruteområdet, om oppsving med hyttefolk og turistar på 1960-talet – og dei aller siste ruteturane.

I overgangen frå veglause gardar og grender «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» til det nye vekst og velstands-Noreg var «Årsundfjord» ein viktig skyttel i Nordmørsveven!

Kaffe og noko å bite i.

Tid: Onsdag 24.04.24 kl. 19.00 

Stad: Åsen bygdemuseum (Østbødalsvegen 53, Surnadal)

Bill: 100 kr

Powered by Labrador CMS