ANNONSE:

En unge tenner lys

Møte på Kyrkjelydshuset

Gudstenesteleg møte på Kyrkjelydshuset, Skei, søndag føremiddag, 10.november kl. 11.00.

Vi vil markere «søndag for dei forfylgde» gjennom tale, song og informasjon. Rundt omkring i verda er det mange som kvar dag lever i redsel for å miste vener, familien sin, arbeid eller utdanning, ja, til og med livet, på grunn av at dei vedkjenner trua si. Kom og høyr meir om dette som så lett går under radaren hos folk flest her i vårt trygge Noreg.

Enkel servering til slutt i møtet.
Misjonssambandet ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Powered by Labrador CMS