Grendaplassen på Åsskard:

En prest som preker på en utendørs gudstjeneste.
Frå tilsvarande gudsteneste på Åsskard Grendaplass i juli 2023. Prost Vidar Rygh til venstre.

Olsok-gudsteneste

Grendaplassen på Åsskard er messearena komande søndag – så sant veret blir godt.

Publisert

Prost Vidar Rygh gjer teneste saman med kantor Erik Rosenius. Det er barnedåp og nattverd i messa – som startar ein time seinare enn vanleg. I tilfelle dårleg ver flyttar ein inn i Åsskard-kyrkja like aust for Grendaplassen.

Salmane, som stort sett knyter seg til dagens bibeltekster, er desse: 320, 586, 734, 280, 977.4, 402, 614 og 276. Dagens takkoffer går til kyrkjelydsarbeidet.

Erik Rosenius, som også er profesjonell operasongar, vil formidle eit par hymner som solosong.

Folk som ror i en stor robåt med flere par årer.
«Hjelmkonnå» inviterer til kyrkjeroing så sant veret er lagleg. Her legg ho frå land under Bøfjordhelga for to veker sia. Høvedsmann Tore Sannes i bakskotten.

I samarbeid med Bøfjorden Historielag inviterer soknerådet til roing med kyrkjebåten «Hjelmkonnå» frå Bølandet kl. 10.15. I godt ver er den tradisjonelle kyrkjeturen på fjorden ei fin oppleving. Båten har plass til 14 roarar.

Som alternativ til kyrkjekaffe denne gongen minner soknerådet om at Bøfjorden Sjøbruksmuseum serverer kaffe, pølser og brød etter gudstenesta. På museet står også kåseriet «Mat og tradisjon» på programmet.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS