Åsskard kyrkje:

Ei dame som står og holder et stort trefat, med maleri av ei kirke.
– Også i år vil jubileumsfatet, måla av Sigrun Hesjehagen, bli med ein av 50-årsjubilantane heim! lovar klokkar Randi Bøe – som håpar mange kjem til gudsteneste denne søndagen.

Gudsteneste med dåp og jubilantar

Konfirmantar frå både 1974 og neste år set preg på gudstenesta i Åsskard søndag. Og ikkje minst: Vesle Live blir døypt!

Publisert Sist oppdatert

Sokneprest Pål Arne Winsnes med stab leier samlinga. Omsorg og nestekjærleik er sentrale tema og pregar både tekster og musikk.

50-årskonfirmantane frå 1974 er soknets gjestar. Dei samlast også til hyggesamver på museet i Bøfjorden etter gudstenesta.

Og alle dei 8 nye konfirmantane i Åsskard deltek aktivt med ulike oppgåver i kyrkja si denne søndagen!

Kanskje stiller også ei songgruppe som vil kaste glans over både «Da jeg trengte en neste», «Med Jesus vil eg fara» og dei andre salmane.

Etterpå er det kaffestund i Kyrkjestua.

Gudstenesta, den einaste i Surnadal i helga, blir sendt «live» på kyrkja sitt nett.

 ANNONSE:

Plakat for gudstjeneste i Åsskard kirke 13.10.2024

 

Powered by Labrador CMS