ANNONSE:

Ein gapahuk

Opning av «Friluftslivets år» i Surnadal

Surnadal kommune ønskjer alle innbyggjarar i den vakre friluftskommunen vår velkomne til:

Opning av «Friluftslivets år»

ved gapahuken på Tjønnmyran i Todalen

laurdag 18. januar kl. 16.00-18.00

Vi tenner bål og kosar oss med aktivitetar som passar etter vær og føre, til dømes:

  • Skigåing i lysløypa
  • Fottur med broddar (ved hardt føre eller snømangel)
  • Aking i bakken ved gapahuken
  • Klatring i klatrejungelen ved gapahuken
  • Trivsel rundt bålet. Vi stiller med varm drikke og skuffekake. Vi tek også med bakelsrøre, slik at den som vil, kan steike seg ein runding på bålet.

Alle som registrerer seg ved gapahuken, blir med på trekning av fine premiar!

Ta evt. med eigne ski og gjerne eigen kjelke eller akebrett! Vi tek med rumpeakebrett!

Slik kjem du deg til Tjønnmyran:

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca. 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare ein stor km, og sving til høgre der vegen opp mot Tjønnmyran er skilta. Etter ca. 200 m finn du ein parkeringsplass. Gapahuken ligg i underkant av 100 m frå denne parkeringsplassen.

Arr.: Surnadal kommune.

Ein utepeis.

Meir om andre arrangement som blir arrangert i Surnadal i løpet av «Friluftslivets år» 2025 finn du på friluftslivetsar.no/aktivitetskalender. Viss du ønskjer å gjennomføre eit friluftsarrangement, kan du også legge inn arrangement der etter kvart.

Powered by Labrador CMS