Klart for «Friluftslivets år» i Surnadal
Som i 2015, er 2025 «Friluftslivets år». For å markere starten på dette i Surnadal kommune, inviterte kulturleiar Lilly Husby, folkehelsekoordinator Trine Glåmen, friluftsansvarleg Norunn Holten og ordførar Hugo Pedersen til pressetreff på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus torsdag. Og det vart ei frisk opning med snøfokk og vind, så sjølv om det var tent opp i bålpanna, så vart det ikkje akkurat varmt.
Har invitert frivillige lag og organisasjonar
Her vart det servert kortreist Ålvundfjordsaft, kaffe og konfekt, samtidig som dei fire orienterte litt om den kommunale delen av markeringa. I tillegg til dei fire arrangementa i regi av kulturavdelinga, så vil frivillige lag og organisasjonar bidra med arrangement som blir ein del av markeringa av «Friluftslivets år» i sine nærområde.
I 2015 samarbeidde Surnadal med Rindal og Halsa kommunar om å markere «Friluftslivets år», og dei tre kommunane arrangerte 17 arrangement kvar, slik at det var eitt arrangement kvar helg gjennom året. Sidan da har Rindal gått over til Trøndelag fylke, og Halsa slått saman med Hemne og Snillfjord kommunar til Heim kommune, som også har flytta over Trøndelag fylke. Så i år har Surnadal kommune valt å invitere frivillige lag og organisasjonar i kommunen til å vere med på markeringa.
Registrer friluftsarrangement i aktivitetskalenderen!
Så langt er det registrert ni arrangement i Surnadal kommune, men kulturleiar Lilly Husby visste om fleire arrangement som ikkje er registrert enda, og ho oppfordrar lag og organisasjonar om fortløpande å gå inn på friluftslivetsar.no for å registrere arrangementa sine, etter kvart som det blir bestemt når og kvar desse skal arrangerast. Oversikt over arrangementa som blir arrangert i Surnadal kommune finn ein i aktivitetskalenderen på friluftslivetsar.no.
Offisiell opning på Tjønnmyra
Kulturavdelinga i Surnadal er, som tidlegare nemnt, ansvarleg for fire av arrangementa. Den offisielle opninga av «Friluftslivets år» blir i Todalen Idrettslag sitt skianlegg på Tjønnmyra i Todalen laurdag 18. januar.
– Vi inviterte oss dit fordi det der er ein stor gapahuk med peis, bålpanne på utsida og toalett, sa Norunn Holten.
– Og når vi ser vêret slik det er i dag, så kan det vere greitt å ha moglegheit til å trekke under tak, la ho til.
«Stikk bort» , natt på Kavlvegen og nissetog
Onsdag 30. april er det turkassetrimmen «Stikk bort», som går føre seg på Bårdshaugen.
Laurdag 30. august blir det «Natt på Kavlvegen, medan det søndag 30. november blir nissetog frå leikeplassen i Svartvassparken til Surnadal kulturhus. Dette markerer på ein måte slutten på «Friluftslivets år» i Surnadal kommune. Det blir fleire arrangement etter dette også, men ikkje i kulturavdelinga sin regi.
Omtale og informasjon om dei ulike arrangementa kjem i lokalpressa når datoane for arrangementet nærmar seg.
Gratis og ope for alle!
Trine Glåmen understreka at stort sett alle arrangementa i samband med markeringa er opne for alle aldersgrupper, og at dette er glimrande arrangement for å fremme og styrke folkehelsa!
– Folkehelsa blir viktigare og viktigare for alle aldersgruppene i samfunnet, sa ho.
Norunn Holten la til slutt til at alle arrangementa som er med på å markere «Friluftslivets år» i Surnadal kommune er gratis å delta på. Så da er det berre å følge med på kva som skjer framover, for her blir det garantert noko for ein kvar smak!