ANNONSE: Biblioteket melder:

En liten gutt som går på en trebelagt tursti over ei myr.

Surnadal bibliotek i haustferien: lesestund i friluft og kreativ biblioteklaurdag

Surnadal bibliotek inviterer til to koselege aktivitetar for barn og familiar i haustferien.

Fredag 11. oktober kl. 10 set vi oss til rette i den koselege kvilebua på Kavlvegen kultursti. 

Her blir det lesestund med biblioteksjef Gunhild. Lesestunda passar nok best for ca. 3-6 år, men alle barn og familiar er velkomne. Kva med å kombinere det med ein friluftslunsj etterpå? Pass berre på å berekne tid til gåturen fram til kvilebua. 

Dersom grupper frå t.d. barnehagar ønsker å kome, vil vi gjerne få ein e-post om det på førehand til biblioteket@surnadal.kommune.no.

En stor gapahuk og en platting med rasteplass i marka.
En grussti møter en trelagt tursti. I kanten av stien ligger en gadd (tørr furu) som har velta.

Laurdag 12. oktober kl. 12 er det tid for biblioteklaurdag med haustverkstad. Her kjem vi til å la oss inspirere av haust og halloween, og utfolde oss med potet- og epletrykk! 

Alle får vere med på å lage haustpynt til biblioteket, i tillegg til eigne bilete/kort til å ta med seg heim. 

Ta gjerne med ein god kniv til skjering, viss de har – og ha på klede som kan få litt måling på seg. 

Verkstaden held på frå kl. 12-14 – kom når det passar i det tidsrommet. Biblioteket er ope frå kl. 11-14.

Alt er gratis. Hjarteleg velkomne!

Powered by Labrador CMS