ANNONSE - Eidet bedehus:

180-årsjubileum

Året 1845 vart det starta ei misjonsforening for Det Norske Misjonsselskap i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, berre tre år etter at Misjonsselskapet som organisasjon vart stifta i 1842. Foreninga har sidan vore i gang med møter og med nøyaktig førte protokollar og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Foreninga vart starta med eit ambisiøst mål og store visjonar som vi også i dag ønskjer å føra vidare: «Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»

I starten var heile bygda med. I dag er foreninga ei felles forening for Misjonsselskapet og Sjømannskyrkja. På kvart møte blir det orientert om arbeidet. Forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, så har Det Norske Misjonsselskap arbeid i 15 land og område der det no er bygd opp sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester, og som driv skular, sjukehus og diakonalt arbeid. Misjonsselskapet har også , som andre misjonsorganisasjonar, vore med på å gi lokale folkeslag skriftspråk og har omset Bibelen til fleire språk.

Jubileumsfest

Foreninga vil jubilera med open fest på Eidet bedehus laurdag 29. mars kl 16.00.

Det blir variert program med besøk av fleire, m.a. ei gassisk kvinne som talar godt norsk og fortel levande frå sitt land Madagaskar.

Alle er velkomne til ei feststund med fellesskap og glede.

Gratis inngang.

Powered by Labrador CMS