Annonse
ANNONSE:
Songkveld på Eidet bedehus
Søndag ettermiddag, 24. april kl. 17.00 (merk tida!) blir det igjen lagt opp til ein triveleg vårsongkveld på Eidet bedehus. Da kjem Orkland mannskor på besøk til Surnadal. Dette koret har halde på i 70 år, og deltek framleis i nærbygdene med kristen song og musikk.
No vil dei dele programmet «Påskesong» med oss, og det blir både korsong, fellessong, opplesnad og andakt.
Misjonsgåva vil gå til NLM`s evangeliserings-og hjelpearbeid på fleire kontinent. Vi avsluttar med servering og sosialt samver. Få med dykk folk og kom! Misjonssambandet ønskjer alle hjarteleg velkomne!