Bøfjorden sjøbruksmuseum:

En mann som står og holder opp en gammel jakke.
Helge Settemsdal viser ein Hjelmen-dress.

Kva var Settemsdal AS?

Tekstilindustri og handel i Settemsdalen er tema på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Har du ein Hjelmen-dress liggande? Lue eller kappe frå Settemsdal AS? Ta i så fall var på dei – som historiske eignating!

Tradisjon vart industri

Skreddarfaget har tradisjonar i bygda. Jens Settemsdal, sønnen Sakarias og Skreddar-Sivert frå Liabakken var pionerar alt på 1800-talet. Etter å ha drive skredderi på eit loft i Negarden bygde familien Settemsdal i 1938 verkstedet Midtstad – attmed den noverande busshaldeplassen.

Hjelmen-dressen popuær

Med namnet Settemsdal AS vart dette ein betydeleg konfeksjonsfabrikk med bortimot tjue tilsette på det meste. Dei sauma kapper, dressar, luer og andre småartiklar – foutan den populære «Hjelmen-dressen».

Gammelt svart/hvitt-bilde av fem ungdommer som sitter på ei hustrapp.
Tilsette tek bruspause på fabrikktrappa (1941). Bak sit Gunnar Skrøvset, Ragna Skrøvset (Settemsdal) og Kåre Settemsdal. Framme: Marit Skrøvset (Solem) og hennar tilkomande Sigurd Solem.

Butikk og post

Etter at kledeproduksjonen slutta, var lokalet frå 1952 i periodar bruka som butikk – med daglegvarer og til slutt husinteriør. Nokre år var det også postekspedisjon her.

Denne fargerike bedriftshistoria blir søndag presentert på Bøfjorden Sjøbruksmuseum - i biletkåseri, samtale med sentrale personar og ei ørlita mannekengframsyning av orignalplagg.

Geir Settemsdal har skaffa opplysningar om butikken som faren Erik dreiv. Elise Settemsdal jobba her og har bladd i fotoalbumet sitt. Begge deltek under Dagens Tema på museet.

Og: Den som har liggande produkt frå Settemsdal AS, kan gjerne tipse Bøfjorden Historielag!

En mann og ei dame foran et gammel hus.
Søskenbarna Geir og Elise Settemsdal framfor «verkstedet» som husa konfeksjonsfabrikk, butikkar og posthus. Geir iført ekte kappe frå fabrikken!
Powered by Labrador CMS