Bøfjorden sjøbruksmuseum

For små og store har Torbjørn vore «presten vår». Her saman med borna i adventsgudsteneste på Nordvik Forsamlingshus i 2023

Landkrabbe og sjømannsprest

Kven titulerer seg slik? Jau - Torbjørn Brøske, søndagens kåsør på museet i Bøfjorden.

Publisert

Det blir eit fargerikt program. Alle kjenner Torbjørn. Ikkje berre som prest, men også som nært og samfunnsengasjert bygdemenneske.

«Forhenværende pensjonist»

Den komande 80-åringen prøvar no å trappe ned prestetenesta etter forlenga karriere som det han sjøl kallar «forhenværende pensjonist». Lykkast han med nedtrappinga, blir han uansett sakna av mange.

Bøfjorden Historielag bed han denne søndagen dele erfaringar og tankar frå eit uvanleg aktivt og fargerikt liv. Arrangøren vil her berre antyde litt av det Torbjørn kanskje svingar innom.

Frykta fotballspiss

Oppvaksen i Stangvik vart han tidleg bevisst på sjøen som ferdselsåre og både rik og farleg arbeidsplass for folk langs fjorden.

Fotballen tok tidleg tak i han. Først på heimelaget Søya, litt Vålerenga i studietida og, som frykta spiss, på Sunndal i storhetstida på 1970-talet.

Som 17-åring på Søya-laget i 1962. Fremst frå venstre Magnar Haugen, Oddvar Gjerstad, Jon Oren, Bergsvein Nes og John Gjerstad. Bak: Reidar Haugen, Sigmund Gjerstad, Kåre Kårvatn, Bjarne Haugen, Torbjørn Brøske og Lars Moøy

Torbjørn underviste i fleire år på ungdomsskulen og vidaregåande i Sunndal og i Surnadal.

Prest i Surnadal og i utlandet

I 1987 vart han sokneprest i Surnadal. Deretter var han sjømannsprest, først 14 år i Stockholm, San Francisco og Paris før ulike vikariat i andre sjømannskyrkjer.

Torbjørn som prest og kona Rannveig som altmuleg-kvinne gjorde stor innsats ved sjømannskyrkjene i mange byar.

Lange periodar har pensjonisten også vore prest og konfirmantlærar - i Kristiansund, Tingvoll, Halsa og i «gamle» Stangvik prestegjeld.

Kjapt kurs over hebraisk skriftrull for vinterens konfirmantar – her John Stinus og Steinar

Møte med medmenneske

På museet søndag ønskjer han å stanse opp ved personar han har møtt og inntrykk desse har gjort på både han og andre. - Kanskje dette kan få oss alle til å tenkje på kor viktige dei personlege møta med kvarandre er, der og da - og for ettertida, seier han.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS