Buamarsj og roing
Marsj og roing frå Settemsørane er blant innslaga under Bøfjordhelga 2024. Det skjer om føremiddagen komande laurdag 13. juli.
Marsjen er både ei markering av for kva Bøbrua frå 1964 betyr og ei samling om årets store helg.
– Brua knytte bøfjordingane saman til eit nytt folkeslag, seier Randi Irene Bæverfjord. Ho tok initiativ brumarsj ved 50-årsjubileet i 2014. – Under årets Bøfjordhelg, som fokuserer på Coop’en si framtid, kallar vi den Buamarsjen, smiler ho og oppfordrar små og store til å delta.
Til lands og til vanns
Starten skjer på Settemsørane – for gåande og roande. Samtidig som fotfolket togar landvegen utover Bølandet, vil kyrkjebåten «Hjelmkonnå» ro langs landet. Roinga startar ved Øravorren, kryssar Bøsundet slik skuletrafikken gjekk i gamle dagar og held fram til butikken i Ilabukta.
Både ved grendahuset Kveldheim og rundt butikken er dagen spekka med program.
Ei ny tid
Med brua vart Bølandet uavhengig av båt for skule- og annan passasjertrafikk og transport av mjølk og andre varer. Saknet av «dampen» og rutebåten «Årsundfjord» vart til å bera når den nye tida inntok fjordbygda.
Premiering og håp om godver
- Med startkontingenten for marsj og roing betaler ein for trekning av flotte premiar etterpå, seier Randi Irene Bæverfjord.
No håpar ho og arrangørkomiteen berre at Bøfjordhelga blir velsigna med godt og tenleg ver!