Blæst´n og Kor Gøttj

Dei største blåseinstrumenta
Korps er stort, tungt metall.

Korps er metall

Når Blæst'n øver til stor konsert er bakrekka bevis for at korps er heavy metal! I lag med slagverket legg dei betongfast grunn under resten av den evig unge gjengen av blåsarar med namnet Blæst'n når dei inviterer til ABBA-konsert med dei klare strupene til songarane i Kor gøttj som gjestar.

Publisert Sist oppdatert
Trombone spelar lange tonar
Somme tonar er ekstra l-a-n-g-e-.

Vi har besøkt Blæst'n på øving på Øvre Rindal barnehage. Vi trudde at vi hadde gått feil, for da vi nærma oss øvingslokalet, vart vi møtt av salmar og nasjonalromantikk. 

Var det ikkje øving til ABBA-konsert vi skulle?

Det var ikkje feil. Det var oppvarming. Dirigent Olav Morten Tørset sa eit nummer/tal, og korpset leverte. Klangen kom på plass!

Dirigenten slår an tonen
Dirigent Olav Morten Tørset styrer tonane frå Blæst'n.

Det vart ABBA! Og det blir det på laurdag også! Klare solistar og solid tungt komp følgde dei kjente ABBA-tonane.

Blæst'n spiller under dirigenten Olav Morten Tørset
Blæst'n bles i fotografen.

Ring, ring, ring!

Klare meldingar frå dirigenten vart oppfatta tvert, betre og betre vart det.

Musikkorpset Blæst'n blåser
Blæst'n bles.

Thank you, for the music!

- Få hør' frå opptakt 47 (sju-og-ferreti), sa dirigenten, og korpset rette seg etter han. 

- Synkopering, sa han, og det måtte det bli.

Og laurdag blir det!

I år er det 50 år etter Waterloo for ABBA. I 1974 vann ABBA slaget under Melodi Grand Prix med sin versjon av "Waterloo," og det ville Blæst'n markere. Alt i januar begynte dei å forberede seg. Sidan har dei øvd fram mot denne konserten.

Dei har fått med seg songarane i Kor Gøttj for å gjere denne feiringa komplett.

- 26. oktober skal du stille klokka! Bruk ekstratimen på ABBA-konsert i Torshall, seier Gro Løfaldli og Helen Nergård Tørset i Blæst'n!

I do, I do, I do!

blåseinstrument
Her bles dei i tungt, blankt metall!
Musikkorpset Blæst'n og koret Kor Gøttj.
Blæst'n og Kor Gøttj fulltallig.
Powered by Labrador CMS