LESERINNLEGG:
Fiber til alle!
Surnadal Arbeidarparti vil bygge vidare på Regjeringa sitt fokus på god distriktspolitikk.
For det handlar om å kunne leve eit godt liv i heile Noreg.
Tilgang på høghastigheitsbreiband for alle i heile landet er avgjerande for å ta del i digitaliseringa. I tettbygdestrøk har 98 % tilgang, i distrikta er det berre noko over 70%. Skilnaden i tilbodet mellom byane og distrikta kjem av at det er så få kundar i distrikta at det er vanskeleg å forsvare investeringane i nett på kommersielt grunnlag. Det blir då naudsynt med tilskot og godt samarbeid.
Ny teknologi gjev høve til desentralisering og styrking av busetnad og næringsutvikling. Næringsliv og dei fornybare ressursane i distrikta sikrar høg verdiskaping og stor eksportverdi, som treng arbeidskraft og infrastruktur. Slik kan vi auke verdiskapinga i Noreg.
Regjeringa har for 2023 fordelt 362 mill. kroner til utbygging av breiband og Møre og Romsdal fekk over 17, 5 million av desse midlane. Regjeringa vil sikre alle husstandar og verksemder i heile Noreg tilgang til høghastigheitsbreiband (100 mBit/s) innan utgangen av 2025. Fylkeskommunane har ansvar for forvaltinga av tilskota til breiband og har ei viktig oppgåve med å koordinere og planleggje bruken av midlane og sørgje for at kommunane tek aktiv del i planane.
På sist utvalsmøte i MAT (miljø, areal og teknikk) var det orientering frå Svorka om deira utbygging av fiber og diskusjon rundt nettilgong generelt. Etter orienteringa fremma utvalet etter forslag frå Arbeiderpartiet at administrasjonen lager ei oversikt over hus og verksemder i kommunen som har behov for betre nett. At det blir teke kontakt med fylkeskommunen og andre for å skaffe midlar og avklarar mogleg samarbeid med leverandørar av fiber/høyhastighetsbreibånd.
Vi tar aktivt del i å få dette på plass for innbyggarane i Surnadal Kommune.
Igjen: Det handlar om å kunne leve eit godt liv i heile Noreg.
Annett Ranes og Odd Asbjørn Bævre
Surnadal Arbeiderparti