Regjeringa med ny plan for auka sjølforsyning

Ei ung dame som gir melk fra tåteflaske til to små lam.
Dordi Lerum er odelsjente på eit sauebruk.

– Ein historisk dag for norsk sjølvforsyning og bønder

Publisert Sist oppdatert

Midt på dagen fredag la regjeringa fram ei historisk plan for å auke sjølforsyninga og inntektene til bøndene. Regjeringa har laga ein strategi for korleis Noreg kan auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt til 50 prosent, og ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket.

Viktig for den nasjonale beredskapen

Den globale usikkerheita understrekar tydinga av eigen matproduksjon som ein viktig del av beredskapen mot kriser. Eit aktivt jordbruk i heile landet, og ein berekraftig matproduksjon, er viktig for verdiskaping og ei trygg framtid for folk i heile Noreg, meiner regjeringa.

Ein mann og ei ung dame ved ein kjøledisk i ein butikk.
Geir Pollestad og Dordi Lerum.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) påpeikar at auka sjølvforsyning er viktig for alle i Noreg. 

– Sikker tilgang til mat i ei krise er ein avgjerande del av vår nasjonale beredskap. Med denne meldinga legg regjeringa fram ein strategi for auka sjølvforsyning og ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Dette er det mest offensive jordbrukspolitiske dokumentet som er lagt fram på veldig lenge, seier Geir Pollestad, ifølge nettsida regjering.no.

Håp for unge bønder

Dordi Lerum (21) sit på fylkestinget i fylket for Senterpartiet. Ho meiner at dette er den mest offensive planen for norsk landbruk nokon gong, ein historisk dag for norsk sjølvforsyning og bønder.

– Endeleg blir det satsa ordentlig på norsk matproduksjon, auka inntekter i landbruket og høgare sjølvforsyning, seier ho.

I ei tid med krig i Europa og urolegheiter i verda har det i vår levetid aldri vore viktigare å produsere meir mat i Noreg, meiner Lerum.

– Eg har odel på sauegard, og ynskjer å ta over drifta om nokon år. Denne planen gir håp for oss unge som skal ta over bruk, og guts til å ville bli bønder. Det må produserast mat i framtida også, og då må inntektene i landbruket aukast. Eg er glad for at bøndene innan 2027 skal ha ei norsk median-løn, seier ho.

Berre norsk mat i eitt år

Dordi Lerum har fått mykje merksemd rundt "norsketarianarprosjektet" sitt, særleg på Tiktok, der ho 50.000 visningar i snitt kvar dag. Som  "norsketarianar" skal ho berre ete norsk mat i heile 2024.

 – Som norsketarianar vil eg alltid ete norsk mat. No blir det også for den vanlege "mannen i gata" enklare å velje norsk mat på butikken. I tillegg må vi få på plass betre og tydelegare opprinnelsesmerking av mat. Eg er glad for at regjeringa no seier at dei vil gjere noko med dette, seier Dordi Lerum.

Ifølge regjeringa si nettside skal plana for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket baserast på eit nytt talgrunnlag, og regjeringa legg opp til ein opptrappingsperiode på 6 år frå 2021 til 2027.

Powered by Labrador CMS