Surnadal kino

Sterke gjensyn

Møter med stor sprengkraft på kinoen denne veka.

PAST LIVES, som kjem i filmklubben onsdag 4. desember kl. 13, handlar om to unge som kjem bort frå kvarandre etter at den eine familien flyttar til Canada. Dei har ikkje gløymt kvarandre, men kanskje har tida vekke frå kvarandre ført til litt ulike forhåpningar ved eit framtidig møte.

PAST LIVES vart nominert som «beste film» under Oscar-utdelingane i år. Vel fortent – for sjølv om filmen er «roleg», har den ei sprengkraft i seg som mange kan kjenne seg heilt eller delvis att i.

WICKED (9 år) er ny film på kinoen, med lokal premiere tysdag 3. desember kl. 18. Dette musikalske eventyret, med Ariana Grande og Cynthia Erivo i hovudrollene, handlar om eit «umuleg» venskap mellom den utstøtte og den mest populære – og eit møte med «Trollmannen fra Oz». Kritikarane er begeistra, og NRK aller mest: «WICKED er musikal med stor M, og tar oss med inn i en sprudlende, storslagen og velkoreografert verden av fengende låter, store stemmer og morsomme dansetrinn» (6 på terningen).

Elles er det framleis muleg å få med seg VAIANA 2 og GLADIATOR 2 på kinoen, og heile programmet finn du på https://surnadal-kulturhus.no/.

Powered by Labrador CMS