Annonse:

Da er programmet for Surnadal MDG klart for kommunevalget 2023, eit program partiet synes bør vera eit godt alternativ når velgarane i Surnadal skal gå til urnene. Partiet har kumulert Kjell og Kjell på topp, og dei håpar at velgarane synes det same.

MDG Surnadal klare med partiprogrammet

Vi ønsker å bidra til eit livskraftig lokalsamfunn med berekraftige arbeidsplassar der folk har lyst til å bo. Sunne økologiske prinsipp, fred og rettferd er kjernemål for oss. Eit livskraftig lokalsamfunn, med sirkulærøkonomi og bruk av lokale ressursar på alle nivå er viktig.

Kjernesakene våre i valkampen er:

· Solidaritet med sårbare grupper

· Grøne jobbar og lokal verdiskaping

· Ta vare på elvene, matjorda og urørt natur

Verda er summen av alle små og store samfunn, og ut i frå denne tanken har vi bygd programmet vårt. På denne måten kan vi saman gjere vårt for å løyse klimakrisa og å skape eit samfunn kor innbyggarane står solidarisk saman for å skape eit betre lokalsamfunn. Kommunen har ei klår rolle å spela i arbeidet med å unngå dramatiske klimaendringar og i arbeidet med å oppfylla FNs berekraftsmål. Utviklinga av framtida skjer i kommunen, der folk bur. For alle, for alltid går vi til val på dette programmet.

FØLG DENNE linken for å sjå heile programmet.

Powered by Labrador CMS