Annonse
Annonse
Haustfest og takk
«Hvor ofte skal Gud takkes?» spør Wergeland. «Som der er sand på havets bund» opnar diktet hans. Hausttakkefest er uttrykk for kyrkja sitt svar.
I Åsskard søndag gjer Bygdekvinnelaget takken synleg og pyntar med frukt og grønt. Prest Bjørn Hovde minner oss om å ta rett imot Guds gåver. Og - nettopp som gåve - får 4-åringane utdelt «Mi Kyrkjebok».
Dagens takkoffer går til Kirkens Nødhjelp sitt alltid aktuelle arbeid. Ei korgruppe følgjer opp Wergelands oppfordring - at «Gud lovprises i evighet».
Ein fin dag også for vesle Milla og familien. Ho blir nemleg døypt under haustens takkefest i Åsskard kyrkje!