Inviterer til Hobbydag i Bøfjorden
Søndag inviterer Bøfjorden Sjøbruksmuseum til årets hobbydag med salgsmesse og aktiviteter. Dertil kåserer Geir Settemsdal om bureising og vegarbeid i «SlettÅ» på 1940-talet.
Husflid og hobby
Syslar du med handarbeid? Søndag kan du vise fram – og selje, viss du vil! Mange vil kjøpe julegåver, bruksting og presangar. Her finn ein både lestar og vottar og andre plagg.
Lagar du andre hobbyprodukt? Her kjem det kanskje musikk, litteratur, mat og såpe, kosmetikk, kunst og anna som folk likar.
Ta med samlingane dine!
Er du samlar, kan du vise fram hobbysamlinga di. Vi veit det kjem både utklippsbøker og historiske gjenstandar. For dei yngste blir det spel og leik, kanskje også eit lite leikeverksted.
Museet sine eigne samlingar viser fram ymse ting – kanskje med spørsmål om kva dei var bruka til. Her blir det også gjensyn med «Gammelbutikken».
Veg og bureising i Slettå
Som ekstrainnslag vil Geir Settemsdal, med tekst og foto, vise bureising og vegarbeid «oppi Slettå» for 80 år sia. Eit retteleg lokalt stykke «Bygg ditt land»!
Inger Lise og Torbjørg syslar på kjøkenet, så der får du kaffe og mykje anna godt.
Men aller mest er det publikum sine eigne bidrag som gjer susen på denne museumsdagen!