Dei største støttespelarane stilte opp med gavesjekkene sine framfor den gamle tråkkemaskina. Frå venstre: Mette Helen Mikkelsen fra Sunndal sparebank, Arne Berset frå Sparebank 1 Nordmøre, Løypekjører Asbjørn Foss, daglig leder Karina Wigum i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Steinar Aasbø-prosjektansvarlig tråkkemaskin, Styreleder i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Jostein Kvendset, Frode Raaen- styreleder i SIL langrenn, Gunnar Segtnan frå Gjensidige og Berit Skralthaug frå Sparebank 1 SMN.

Ny tråkkemaskin til Nordmarka

Torsdag denne uka var fleire støttespelarar samla på Nordmarka skisenter for å dele ut kjærkomne gavesjekkar til Surnadal IL langrenn for innkjøp av ei ny tråkkemaskin.

Publisert Sist oppdatert

Steinar Aasbø i Surnadal Il  langrenn er prosjektansvarleg for innkjøp av den nye maskina.  Han retta ein stor takk til alle som har gitt pengar til formålet. Tråkkemaskina som er i bruk no vartkjøpt i 2009. og slitasje over lang tid (cirka 2400 driftstimar) har bidratt til auka driftskostnadar, og det var mange driftsstansar i fjor. 

– Tida har kome for å skifte ho ut, det er klart at vi er avhengige av å ha ei maskin som går, forklarte Steinar. 

Den nye maskina vil òg bidra til mindre forbruk av drivstoff (ned frå 18-19 liter i timen til 10-12 liter i timen), og med dagens teknologi vil utslepp av CO2 bli redusert med mellom 80 og 90%. Noko som er veldig positivt for miljøet.

Kvaliteten på løypa blir òg mykje betre med ny maskin.

– Vi har lånt to maskiner og vi ser stor forskjell på løypa laga med maskin frå 2009 kontra 2025. Den nye maskina er av typen Prinoth Husky X 2025 modell, den har Surnadal IL låna og testa – og den vart vi så fornøgd med at vi vil kjøpe den, seier Steinar.

Maskina er ikkje heilt ny, den har vore ei demomaskin og vart bruka i 14 dagar under VM i Trondheim. Prisen blir redusert frå 3,9 til 3,4 millionar, og Steinar forklarer at det er absolutt ingen ulempe at den er ferdig innkøyrt.

Nordmarka Idrettssenter har ein lang historikk. Nordmarka Idrettssenter vart ein realitet i 1978 etter stor dugnadsinnsats og har sidan vore til glede for mange i alle brukar- og aldersgrupper. Anlegget består av klubbhus med kiosk, maskinhall, smørjehall, samt to tidtakarhus, tråkkemaskin, snøscooter og ATV. Anlegget er til fri bruk for alle, enten dei vil gå på ski, ake eller berre kose seg i solveggen ein flott vinterdag. Surnadal IL har i tillegg, med hjelp av Stiftelsen Surnadal Sparebank, gått til innkjøp av 42 par ski, sko og stavar til utlån ved behov.

Anlegget har over 10.000 besøkande kvart år og betyr veldig mykje for mange. Nyleg vart "Vinterleikane i Surnadal" gjennomført. Neste år feirer "Barn i løypa" 40 årsjubileum. Ca 8000 barn har vore med opp gjennom åra. 

Steinar Aasbø fortel om den nye tråkkemaskina

Maskina er bestilt

– Ei ny tråkkemaskin er ei stor investering for ei lita langrenns-avdeling, og vi er heilt avhengige av gode lokale støttespelarar. Vi ønsker at så mange som mogleg blir med og bidrar til realisering av prosjektet, derfor har vi oppfordra lokalt næringsliv til å bli med på dugnaden. Det er også fullt mogleg for privatpersonar å bli med vår pågåande spleis- aksjon, seier Steinar

Med innbytte av den gamle maskina er Surnadal IL  langrenn nesten i mål med pengar til innkjøp. Såpass nære at maskina er bestilt og kjem i april klar,  for å preppe det 50 km lange løypenettet på Nordmarka,  til glede for store og små i mange år framover.

Ein tydeleg fornøgd Steinar avslutta med nok ein gong å takke alle støttespelarane som gjort innkjøpet mogleg. 

 -  Det er kjempeartig, seier han med eit bredt smil.

Hovudstøttespelarane er:

Sparebank 1 SMN kr: 150 000

Sparebank 1 Nordmøre kr: 200 000

Gjensidige Surnadal, Heim og Tingvoll kr: 250 000

Surnadal Kommune kr: 300 000

Sunndal Sparebank kr: 600 000

Stiftelsen Surnadal Sparebank kr: 700 000

Øvrige lokale bedrifter som har støtta prosjektet.

Surnadal Transport AS kr: 10.000

BioMarine AS kr: 20.000

Svorka Holding AS kr: 30.000

Alti Forvaltning AS kr: 30.000

Talgø MøreTre AS / Talgø MøreRoyal kr: 75.000

Powered by Labrador CMS