Lea Stavik Heggset frå Surnadal IL Alpin var med som instruktør, og hjalp mange ivrige ferske alpinistar ned bakken

Nybegynnarkveld i Sæterlia

Tysdag kveld arrangerte Surnadal Alpinsenter AS ein vellykka nybegynnarkveld i Sætelia, i samarbeid med Surnadal IL Alpin.

Publisert

Skipatruljen og medlemmar i alpingruppa hjelpte dei omlag femten ivrige deltakarane både opp i heisen, og ned igjen på ski i løypa. Og i nokre få tilfelle med snøscooter.

Ung alpinist får hjelp av en ungdom i alpinbakken
Skipatruljen var med og hjelpte til.
Magnar Heggset hjelpte både store og små i sitt første møte med alpinski.
Magnar Heggset gir instruksjonar til ein fersk alpinist.

Suksess!

Ein svært glad Helge Røv, dagleg leiar i Surnadal alpinsenter AS, erklærte at arrangementet var ein stor suksess 

-Det var artig å sjå så mange ferske alpinistar kose seg i bakken, og vi håper det gir meirsmak, sa ein smilande Helge.

Ein strålende fornøgd Helge Røv.

Direktesending

NRK hadde direktesending frå bakken, som vart sendt på distriktsnyheitene.
Her var det intervju med Helge Røv, og intervju med Brynjar, som hadde tatt turen heile vegen frå Smøla for å lære seg å stå på ski.

Sjå TV-sendinga her: Surnadal - Live Alpin

Neste nybegynnerkveld er 11. februar. 

https://surnadal-alpinsenter.no/arrangement/nybegynnerkveld/

NRK Møre og Romsdal hadde direktesending frå bakken.
Powered by Labrador CMS