Dag Skei. Snøproduksjonen er i full gang i Sæterlia no.

Pangstart for snøproduksjon i Sæterlia

No er det fullt kjør på snøproduksjon i Sæterlia. Snøkanonane har vore i drift 24 timar i døgnet sida onsdag.

Publisert

- Det er meldt litt mildare vêr i dagane som kjem, så det blir ein liten pause no i eit par dagar, seier ein smilande Dag Skei som er driftsleder i Surnadal Alpinsenter AS.

Tross fare for temperaturar på feilsida av null ein liten periode, er ikkje Dag redd for snøen som no er produsert. 

- Haldbarheita av kunstsnø har vi såpass gode erfaringar med, at det er eg ikkje redd for, nei, seier Dag

Sjølv med mykje snø og påfyll med kunstsnø må ivrige skifolk smøre seg med tolmod ei lita stund til. Å gjere bakken klar for besøk tek mange timar med hardt arbeid og ein del flaks med vêret, men ein optimistisk Dag kan formidle at det er no håp for opning før jul.

Mann sitter ved PC
Dag Skei, Driftsleder i Surnadal Alpinsenter følger med værmeldingene framover

Dag Skei vil òg informere om at medan snøproduksjon går for seg er heile Sæterlia eit anleggsområde med slangar med luft og vatn under høgt trykk og store maskiner som kan vere livsfarlege for uvedkomande. 

- Vi ønskjer så klart turfolk velkomen, seier Dag, men vær så snill og bruk skogsvegen som rute opp til Syltnebba om det er til fots eller på ski.

-Vi gler oss til sesongstart og info om opningshelga vil kome fortløpande på Facebooksida vår, avsluttar Dag med eit smil.

Powered by Labrador CMS