Annonse
Helgemesse i kyrkja
Både vemod og lys pregar gudstenestene denne helga. Helgemesse - Allehelgens - er ein søndag med mange minne og sterke tankar.
Fast ledd er lystenning for kvar av dei som døde siste året. Pårørande får særleg invitasjon til kyrkja.
Samtidig er dette også ein fellesskapets dag. Tekster og musikk understrekar både ettertanke og håp.
I Surnadal er det gudstenester i Ranes, Todalen, Stangvik, Mo og Åsskard. Av musikkrefter som deltek, nemner vi gruppe frå koret P17 med solist Turid Røen Kroknes - i Todalen og Åsskard. Dei syng blant anna utdrag frå «Allehelgensmesse» av Egil Hovland.
Også på kyrkjegardane tenner mange lys denne helga.