–Brua skal stå i 100 år
Jostein Fiske og Håvard Meisingset skreiv eit brev til byggleiar Morten Ugelstad i vår. Gutane hadde så lyst til å vera dei første som sykla over nybrua i Øvre Surnadal. Måndag fekk dei ønsket sitt oppfylt.
Det var mange som ville få med seg opninga av Follabrua i Øvre Surnadal. Det var to spente gutar som sto klare på brua med syklane sine.
Trollheimsporten skreiv om dei to gutane i juni. Sjå saka her.
Varaordførar Hugo Pedersen sa at dette var ein stor dag for Surnadal og fylket. Han fortalde at Follabrua er ei viktig bru i kommunen. Det er mykje tungtransport over ho, og trafikken på brua kjem til å auke når Todalsfjordprosjektet er ferdigstilt.
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen fortalde at det er 1000 bruer i fylket, og at det er viktig at bruene held bra nok standard. Follabrua har tidlegare ikkje vore solid nok for all tømmertransporten i dalføre og dei nye modulvogntoga, men no toler brua vogntog opp til 60 tonn.
– Brua skal stå i 100 år, sa Tønnesen.
Lilly Gunn Nyheim og Kristin Sørheim frå samferdselsutvalet i Møre og Romsdal klipte snora, og så var brua opna. Gutane frå Øvre Surnadal fekk ønske sitt oppfylt, og var dei første til å sykle over brua.
Etterpå vart det feira med marsipankake, kaffe og brus.
BILDESERIE UNDER: