Eli & Oles Adventskalender

Frå Bjøråskaret går Innerdalstårnet mest i eitt med Tårnfjellet bak.

Svar Luke 7

Innerdalstårnet i ein meir kjent positur med Renndølsetra i forgrunnen.

Vinnarar av premiar i Luke 7:

Gave: 2-pakk Tufte-sokker
Givar: Felleskjøpet Surnadal
Vinnar: Torgunn Nordvik

Gave: 4 Flaxlodd
Givar: Rørservice AS
Vinnar: Magne Moholdt

Gave: Gavekort på valfri baguett eller salat
Givar: Rindal bensin & service AS (YX Rindal)
Vinnar: Reidun Kristine Grytbakk

Kommentarar:

Disse tre damene står oppå Bjøråskaret og har en formidabel utsikt mot Giklingdalen med fra venstre Såtbakk-kollen, Tårnfjellet og Innerdalstårnet. På andre sida av dalen er Trolla og Skarfjell. Har vært på skitur til Såtbakk-kollen med Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Det var mai og skiføret var strålende, men det var ganske bratt. For å komme opp den bratteste kneika måtte vi ta av skiene og levere dem til hverandre for å komme opp. Topp-platået ligner på Snota, men er større i omfang. Det smakte det godt med vafler på Innerdalshytta etter at vi kom ned.

Ellers vil jeg anbefale en fin sommertur: Fra Innerdalen, gjennom Giklingdalen og videre ned til Fale i Sunndal. Lover dere en fantastisk utsikt over Sunndal når dere kommer gjennom dalen og går langs fjellsida. Bratt nedstigning mot Fale. God tur! –Helene M. Nergård

Lisbet Stenbro har sendt inn eit bilde frå ein fellestur til Innerdalstårnet først på 90-talet.

Innerdalstårnet

Dette er kanskje det mest fotograferte fjellet i Trollheimen. Mange meiner turen frå Todalen over Bjøråskaret til Innerdalen med utsikt både over fjord og fjell er av dei finaste fjellturane i Nord-Europa!

Innerdalen
Innerdalshytta og Bjøråskaret.
Mellom Renndølsetra og Innerdalshytta renn Renndøla ut i Innerdalsvatna, her går turistlina til Todalshytta og Kårvatn via Bjøråskaret.

.

Utsikt frå Bjøråskaret og ned i Innerdalen.
På turen til Bjøråsskaret opp frå Todalssida fekk vi god utsikt til såret etter raset som gjekk i 2013.
Powered by Labrador CMS