Eli & Oles Adventskalender

Trollheimshytta med Trollhetta i bakgrunnen, påska 1962.

Svar Luke 22

Dette er Trollheimshytta i Folddalen, første hytta Trondhjems Turistforening bygde. Den er sentral i turistrutenettet i Trollheimen både sommar og vinter.

Vinnarar av premiar i Luke 22:

Gave: 1 stk. verdivurdering enebolig (må brukast innan 1/5-23)
Givar:
Eiendomsmegler Notar Kristiansund v/Aleksander F. Talgø
Vinnar: Marit Dønnem

Gave: Alti Gavekort på 500 kroner
Givar: Alti Surnadal
Vinnar: Berit Møkkelgård

Gave: 4 Flax-lodd
Givar: Rørservice AS
Vinnar: Mette Sande

Kommentarar:

Idag er vi på Trollheimshytta

hytta ble på startet i 1889 da Trondhjems Turistforening Kristiansund og Nordmøre Turistforening inngikk ett samarbeid om og bygge hytta.

men dette samarbeidet gikk ikke helt som planlagt. så Trondhjems Turistforening over tok hytta 17 mars 1895. Dette ble da den første hytta TT bygde selv. tidligere hadde de leid setrer inne i dalen. Hytta hadde da plass til 16 stk i senger. Hytta har blitt påbygd i flere etapper, senest i 1994. Det har blitt flyttet bygninger og reist bygninger på tunet på Trollheimshytta. den siste bygningen er en gapa-hauk. –Richard Halgunset

Var innom Trollheimshytta og kjøpte oss en kaffekopp på hjemtur fra Storsetra (Løsetsetra)i sommer. –Helge Sæther, Rindal

Helge Sæther har sendt oss to bilder fra turen:

Dette tror jeg er et gammelt bilde av Trollheimshytta.

Dit har jeg gått flere turer fra Hosetsætra som ligger innom Jøldalshytta, både over Trollhetta og Geithetta. – Greta Hoset, Rennebu

I dag er dere innpå Trollheimshytta. Kjært syn når en kom ned lia på Mellomfjellet passe mør i beina. Har mange ganger sittet der på baksiden av hytta og snakket med personellet. Fått en kaffesup. Var vel mer som en "nabo" å regne, siden vi hadde seter litt lenger inn i dalen. –Åshild Langli, Rindal

Trollheimshytta med Snota i bakgrunnen juli 2003.
Trollheimshytta med Snota i bakgrunnen, trolig på 60-tallet.

Trollheimshytta

Til alle tider har det vore folk som har farta rundt i fjellheimen, slik også i Trollheimen. Utover på 1800-talet vakna fjellturismen i Norge. Asbjørnsen og Moe samla folkeeventyr og nasjonalromantikken innafor målarkunsten og litteraturen førte til at det vart mote hos byfolk å dra på fjellturar.

I 1868 vart Den Norske Turistforening stifta og turisttrafikken vart meir organisert. Trondhjems Turistforening vart stifta i 1887 for å legge forholda betre tilrette for fjellturisme i Sylane og Trollheimen.

Først var det setrene i områda som gav mat og husrom til turistane, noko som var kjærkommen attåtinntekt. Etter kvart som fleire nytta fjellheimen til turar, såg turistforeninga at det burde byggast eigne turisthytter.

Etter synfaringar og brevveksling mellom turistforeninga og grunneigarar inne i Folldalen frå 1888, vart Trollheimshytta bygd på grunn kjøpt av Ingebrigt Einarsen Fiske. Trollheimshytta vart bygd av lokale folk og opna 11. juli 1890. Både Tromdhjems Turistforening (TT) og Kristiansunds Turistforening (KNT) var i lag om bygginga og om drifta av hytta dei første 5 åra. Sidan har Trollheimshytta hørt til TT.

Ole si tante, Gjertrud Rindalsholt (t.v.) var vertinne på Trollheimshytta både før krigen og påske og sommar 1945 og 1946. På bildet ser vi ho i lag med Bjørg Langli Brovold og Borghild Haltli (Rindalsholt). Bunaden Borghild har på seg kan vere den som heng komplett på museumsavdelinga til Trollheimshytta i dag.

Dette var første hytta TT bygde, og den hadde plass til 25 overnattingsgjestar. Seinare har det vore mange påbyggingar, og no kan Trollheimshytta ta imot 64 gjester på normalt vis, men i påska kan det vere mange fleire. Det står også ei sjølbetent hytte der med 8 sengeplassar.

Den mest populære ruta i Trollheimen er «Trekanten» - mellom Jøldalshytta, Trollheimshytta og Gjevilvasshytta, og Snota og Trollhetta er populære turmål.

(Kjelde: Trollheimshytta og bygdefolket, av Sigrid Nerbu, Fredrik Løset og Morten Halgunset.)

Trollheimshytta påska 1962

Også Eli si tante, Kari Storås, har hatt arbeide på Trollheimshytta. Ho var serveringsdame saman med vennina Inger Harlvorsen påska 1962.

Tante Kari hugser ikkje så mykje fra jobben som serveringsdame, men kan hugse at det var ein veldig lang skitur fra Kvammen og inn til Trollheimshytta. Dette var før utbygginga av Trollheimen Kraftverk, så det var ikkje veg innover Folddalen.

Inger Halvorsen og Kari Solvik var servitører på Trollheimshytta påska 1962.

.

I Folddalen på tur heim til bygda når påskeoppdraget var over. F.v. Per Sæther Moen, Gunvor Grytbakk g. Røen, Kari Solvik g. Storås, og Inger Halvorsen

.

Vel framme nedi dalen tek gjengen ei velfortjent brusflaske på trappa på butikken på P. Sæther Moen, eller Sainnbua i daglegtalen. F.v. Gunvor Grytbakk g. Røen, bak Per Sæther Moen, Inger Halvorsen, Lars E. Moen, Mogjerdet.

.

Jentetur til Trollheimshytta påska 1963

I tante Kari sin album, var det også bilder frå påska 1963. Då tok dei to jentene med seg venninner på skitur i Trollheimen. Ingeborg Aalbu g. Landsem fortel at far til Inger, doktoren Gløer Halvorsen, hadde ordna slik at dei skulle få sitte på med Magnar Løset, Magnar Ås på folkemune, til hytta hass som ligg i lia mellom Glupen og Liagarden. Han hadde ein Bombardier Muskeg og frakta varer inn til Trollheimshytta.

Jentene fekk skyss med Muskegen til Magnar Løset. Dette er truleg ein stopp ved Bolmsetrin for å laste av varer.

Dessverre var snøen djupare enn Magnar hadde beregna. Turen tok så lang tid at dei ikkje ville rekke fram til Trollheimshytta før mørkret kom. Den opprinnelege plana var å renne ned fra Magnars hytte til Trollheimshytta samme dag, men han forsynte dei med ulltepper og dei fekk sove på hyttegolvet. Neste dag skein sola og dei kunne renne ned bakkane på silkeføre.

Neste dag kunne dei renne ned bakkane på silkeføre og då var det ikkje langt til Trollheimshytta. Snota i bakgrunnen. F.v Ingeborg Ålbu, Oddbjørg Ljøkjell, Kari Solvik og Sølvi Løfald.

.

Inger Halvorsen og Ingeborg Landsem smør skia før turen vidare til Jøldalshytta.

Etter ei natt på Trollheimshytta, var det så mykje vind at vertinna på Trollheimshytta sendte med jentene 2 karar frå heimevernet for å passe på dei på turen vidare til Jøldalshytta. Ingeborg kunne fortelle at det eigentleg ikkje var lov til å gå på ski i Svartådalen gå grunn av rasfaren, men dette året var det ikkje meir snø enn at det var lovleg. Ho fortel også at det bles så mykje at både dei og karane frå heimevernet bles åt.

Vaskardugnad på Trollheimshytta

.

Dette må vere frå ein rundvask på Trollheimshytta, truleg først på 60-talet. Dei vi kjenner att er Ingrid Stene, Inga Tørset (Dalbakk) og Gjertud Solvik.

.

Truleg fekk dei samme damene skyss med Magnar Løset på hans Bombardier Muskeg. Magnar og Muskeggen er forresten ei legende frå kraftutbygginga i Trollheimen.

Varetransport til Trollheimshytta i 2011

Vi avsluttar artikkelen om Trollheimshytta med døme på korleis transporten av varer foregår i våre dager. Desse bilda er frå frakt av varer før sommarsesongen 2011. Til og med Eli har vore involvert i varene til Trollheimshytta som kjøpmann. For kjølevarer, frysevarer og frukt&grønt var innom Bunnpris før dei vart frakta vidare av Rindal Røde Kors til parkeringa ved Gråsjøen for helikoptertransport siste vegen til Trollheimshytta.

Olav Morten Tørset og Richard Halgunset fra Rindal Røde Kors og Jonny Remmereit frå Trondhjems Turistforening klargjør for vidarefrakt ved Gråsjødammen.
Helikopteret fra Airlift lander.
Første lasset hektes på.

.

På tur mot over Gråsjøen mot Trollheimshytta.
Idyllisk innover Gråsjøen mot Trollhetta. Med utbygginga av Trollheimen Kraftverk vart det bilveg innover Folddalen og i tillegg muleg å korte turen til Trollheimshytta med båt innover Gråsjøen.

.

Powered by Labrador CMS