Eli & Oles Adventskalender

Svar Luke 10

Her er vi ved Hølstoen, ein foss i Rinna og ved inntaket som fører Rinna til Foldsjøen. Dette er også enden av bomvegen i Helgetunmarka.

Publisert Sist oppdatert

innarar av premiar i Luke 10:

Gave: Tursekk med litt innhald
Givar: Varig Orkla Forsikring, Orkanger
Vinnar: Anne Berit Solli

Gave: Sekk og buff
Givar: Norsk kvalitetsmat
Vinnar: Oddbjørn Haltli

Gave: "Insektsgardin" til eit relativt vanleg vindu
Givar: Trollheim AS
Vinnar: Per Olav Løset

39 hadde sendt inn svar, av dei hadde alle funne ut av det var Hølstoen.

Kommentarar:

Mange tunge sekker er fraktet over den demninga ! Bygde hytte i området i 1974 , da var det lite aktivitet der, skriv Kjellrun Heggem.

Edgard Kattem har sendt oss ot bilder av elva.

Det første viser Hølstoen før oppdemminga, det andre Hølstoen i en skikkelig flom (2006)

Hølstoen

På slutten av 60-talet vart Rinna (skal egentlig kallast Rinda) oppdemt ved Hølstoen som ein del av utbygginga i Folddalen. Dermed vart det også muleg å kjøre bil til området. Vatnet føres i tunnel til Foldsjøen. No i sommar, når det har vore vedlikehold på demningane i Folddalen, har Rinna hatt si naturlege vatnføring nedover Romundstadbygda og inn i Surna. I uke 50/51 er det planlagt at Trollheimen Kraftverk skal startast opp og at Foldsjøen skal fyllast att, så då blir vatnføringa i Rinna mindre att.

Bolmtrollhøtta og Hølstoen speglar seg i Hølstodammen, Gaddfjellet til høgre.

Harald Egil Folden fortel i teksta til dette bildet om at det for nokre år sidan kom to unge og spreke menn frå Østlandet gåande til Dønnynsetra i Folddalen. John på setra lurte på kvar dei kom frå. Det er jo fleire innfallsportar til Trollheimen. - Vi kommer fra Hullstoen, svara dei. Dette med dialekter er innfløkte greier, legg Folden til.

.

Overløp 2022
Overløp 1976

Ole har et bilde av overløpet i Hølstodammen fra september i år mens Eli har funne bilde av overløpet i 1976 og 1983 i familens fotoalbum. Vann er vann, men bilda viser at i Eli sine barndomsår var Hølstoen eit utfartsmål for rindalingene. På bilde fra 1976 sjer du familens gule Volvo stasjonsvogn og mors tidsriktige raude slengbukse. På begge familebilda frå overløpet av Hølstodammen er det mor Aud med søskena Eli og Håkon. På bildet frå 1983 er det helt klart Hummel-treningsklær som er det "hotte" hos familen Solvik.

Overløp Hølstodammen 1983.

Kanskje var Hølstoen atraktivt som turmål for familien Solvik fordi familens elste hadde vore med på tunnelarbeidet mellom Hølstoen og Folddalen. For han var det Bjønnalia som var utgangspunkt. Det var der dei tok ut tunnelmassen og tippa ned mot dalen.

Halvdan og Gjertrud Solvik. Halvdan var med på anleggsarbeidet med å få vatnet i Rinna til å bli til strøm i Trollheim Kraftverk. Har var også med på Aursjøutbygginga.
Famileutflukt til Hølstoen i fellesferien 1983. Det ikkje så varme nordmørsveret , vart nytta til grilling og bålkaffe ved dammen med Hølstoinn i bakgrunnen. Aud, Håkon og Eva Solvik

Eli fant foto-bevis på minst to utflukter til Hølstoen i 1983, men tror at Hølstoen er ganske ukjent for mange turfolk i dag. Men det betyr ikkje mindre ferdafolk i området. Men kanskje har trafikken ikkje berre auka, men forflytta seg i retning Langvatnet. For en kan si at Hølstoen er en del av Helgetunmarka som nå er bedre kjent for ferdafolket.

.

Fra en dugnad på gapahuken ved Langvatnet i 2004.

Våren 2005 var det åpning av det første barnevennlege turmålet i Rindal i regi av Turstigruppa i Rindal IL , saman med grunneigarar og med mykje innsats fra frivillige. Gapahuken var tegna av Johan Helgetun og vart satt opp ved Langvatnet i Helgetunmarka, ikkje langt frå Hølstoen. Området er i stadig utvikling. Hyttefelt bli utvida, hyttefelt får strøm, Langvassvegen blir bygd, stadig fleire stiar blir merka og oppdatert. Skiløypene blir fleire, lengre og breiare.

iTrollheimen sett opp ein lavvo ved gapahuken, som var supplert med ei servicebygg med toalett. Og den eine gapahuken i stoff er no erstatta med to lavvoar av tre.

Og Verneområdestyret for Trollheimen har valg Skavlia i Helgetunmarka som ein av innfallsportane til Trollheimen.

Verneområdestyret for Trollheimen har satt opp ei kvilebu ved parkeringsplassen på Skavlia for å markere innfallsporten til Trollheimen. Det er også blant anna planar om utleige av syklar her.
Powered by Labrador CMS