Dame foran eit måleri.
Jenny Klinge på atelieret heime på Nordvik.

Årets aprilspøk var ikkje berre ein spøk

–Sjølv om eg definitivt forstår at eg ikkje kan leva av kunsten framover, blir det nok endeleg meir tid til nettopp kunst, smiler Jenny som har fått tilbod om fleire oppdrag.

Publisert Sist oppdatert

Ein god del som stod i årets aprilsspøk om Jenny Klinge på Trollheimsporten er absolutt ikkje nokon spøk. Det stemmer at Surnadal kommune fekk det omtalte store måleriet i 2016, og at ein øyre-nase-hals-spesialist oppi Tromsø har det fargerike måleriet på biletet øvst i denne saka hengande på kontoret sitt.

Gåva til kommunen har berre aldri vore omtalt før, verken i media eller sosiale media, før Trollheimsporten kunne fortelje om det saman med det som var spøken: At Klinge skal satse for fullt på å leva av kunsten etter at ho er ferdig på Stortinget i haust.

Var med på leiken

Jenny spela godt med på spøken. Her er nokre av hennar eigne kommentarer til anledninga:

– Eg er veldig takknemleg for den store moglegheita som politikken både på lokalt og nasjonalt plan har gitt meg til å bruke engasjementet mitt på mange viktige område. Eg begynte som ein freidig 23-åring og avsluttar som ein like freidig 49-åring.

Dette er nok óg noko ho kunne sagt i ein annan samanheng, men ho hjalp godt med på å få det så reelt som mogleg:

– Eg har fått opplevd og lært veldig mykje både på godt og vondt desse åra, men no ser eg verkeleg fram til å leva ut den kreative sida av meg meir.

Og angåande måleriet ho gav til Surnadal kommune i 2016:

– Eg sa i artikkelen om aprilsspøken at eg ikkje kan fortsetje å gje bort måleri no når eg skal leve av det. Det kan eg nok ikkje halde fram med uansett, men den gongen hadde eg lyst til å gi noko til kommunen som ein slags takk. Eg set veldig pris på åra i kommunestyret, formannskapet og som varaordførar, og er veldig glad for å bu nettopp her, seier ho.

Hell i uhell

Klinge er positiv til det meste, og lar seg ikkje stoppe før ho har vurdert fleire alternativ. Og som politikar er ho vant til å stå på meiningane sine både for og mot fleirtalet.

Sjølv om ho ikkje meiner andre skal føle dei må dra det så langt, så var valet om bleiebruk på Stortinget kanskje nettopp eit døme på at ho er vant til å ta i eit tak sjøl om det buttar imot, og at ho ikkje er redd for å ta utradisjonelle val.

– Eg meiner vi må vera mindre sjølvhøgtidelege jamt over. Og skjer det uhell med slikt, er det strengt tatt ikkje verdas undergang. Det er lurt å finne praktiske løysingar, seier ho.

Og om nokon var i tvil, så stemmer det at det heller ikkje blei noko uhell i bleien på Stortinget. 

Les meir om bleiebruken her.

Måleri av berg og elv.
Jenny arbeider både med små og store format, og dette er eit måleri på 140x90 cm som viser steinformasjonar som er synlege på grunn av oppdemminga i Folldalen.

Kreativ

At surnadalingen truleg har solgt over 50 kunstverk er óg sant, men ho veit ikkje riktig kor mange da ho ikkje har notert.

Det er også høgst reelt at ho har eit atelier på Nordvik som ho gler seg til å bruke oftare framover. 

– Ja, det er nesten trist kor lite tid eg har brukt der sidan det stod ferdig i 2013. No har eg store ambisjonar om å ta fatt i både målepenslane og trykkeutstyret igjen, og er jo oppriktig spent på kva slags bilete det kan bli av det, seier ho og fortset:

– Då eg måla mykje i fleire år tidlegare i livet, vart eg somtid oppriktig overraska over resultatet av målinga. Det er det som er fint med kreative prosessar, at ein kan utvikle mykje nytt og spennande undervegs ved hjelp av eigenskapar som ikkje akkurat får brukt seg så mykje på altfor mange og tidvis langdryge møte og ein stressa kvardag.

Rom med mange måleri.
Atelieret.

Ettertrakta

Klinge har store planar om å få meir tid både på atelieret og til å ta bilete framover. Og at kunsten er ettertrakta er heller ikkje tull.

– Eg har hatt fleire utstillingar før, men det er fleire år sidan. Eg har fått henvendelsar frå spennande aktørar om eg vil halde utstilling hos dei seinare, og det er jo veldig kjekt å bli spurt om det. Men det viktigaste for meg no er å få laga noko eg sjølv føler er rett for meg, seier Jenny og forklarer:

– Eg vil altså ikkje laga noko fordi eg trur andre kan like det, men fordi eg sjølv har lyst til å laga det, og ikkje minst få utvikle evnene mine vidare med eit nytt utgangspunkt som middelaldrande og avdanka politikar, ler ho.

Nedst i saka ser vi ein filmsnutt frå i vinter der Jenny spela "Kom mai, du skjønne, milde" med blokkfløyte. 

– Den viser dei vakre omgivelsane der ny kunst forhåpentlegvis skal bli skapt framover, smiler ho.

Vil du lese aprilspøken finn du den i saka i denne lenka.

Video: Privat

Powered by Labrador CMS