Åsskard med årsfest:

En barnedåp i ei kirke.
Lille Aksel blir døypt av Odd Erik Stendahl.

«Teikn på liv!»

- Lokalkyrkja er teikn på liv sjøl om mykje blir nedlagt i kretsane våre! Helsinga frå ein deltakar på årsfesten i Åsskard søndag uttrykte noko vesentleg.

Publisert

Gudstenesta på Vårfruedagen (Maria Bodskapsdag) fokuserte da også på at «Guds menighet er jordens største under» som Ronald Fangen skreiv i ein sterk salme under krigen. To dåp - både av lille Aksel og av konfirmant Elida - understreka det same.

Dåp av en konfirmant i ei kirke.
Konfirmant Elida ved døypefonten.

Prestevikar Odd Erik Stendahl leia gudstenesta. Soknerådsleiar Eva Svendsen takka familien Bævre for minnemidlar som har skaffa kyrkja evangeliestakar og nytt altarforheng.

Fellesskap

Årsfesten i Kyrkjestua etterpå var prega av fellesskap - om middag, kaffe og dokumentasjon av året 2024. Sjøl om Åsskard er ein liten kyrkjelyd i ei utkantbygd, kunne soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og kyrkjeverje Tor Rune Halset seie mykje interessant om fjoråret.

Portrettbilde av ei dame.
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen hadde laga ei fyldig årsmelding for 2024.
En mann som står og leser fra et ark.
Kyrkjeverje Tor Rune Halset sa mykje positivt i si helsing til Åsskard kyrkjelyd.

Statistikk – gode konsertbesøk

Årsrapporten viser at dei 15 gudstenestene hadde 865 deltakar. Ved nattverd deltok 16 personar i snitt. Kyrkjelyden hadde 6 konsertarrangement - med i alt 636 besøkande.

Biletserie over allsidig aktivitet

Ein del svært godt befolka tiltak fell utanom statistikken - som Barnas Kyrkjekveld (to gonger i året), konfirmantdeltaking ved vanlege gudstenester, forsongarteneste, hobbyverksted til jul og påske, hyggetreff og dugnader. 

Men dette og meir til kom tydeleg fram i soknerådets biletkavalkade som utfylte årsmeldinga.

Og både sodd og kaffe smaka fortreffeleg – igjen takka vere soknerådets dyktige Eva Jorid, Jane, Aashild og Kari.

Powered by Labrador CMS