Legg fram ytterlegare innsparingstiltak for formannskapet

Foreslår endring i skulestrukturen for å unngå ROBEK
Kommunedirektøren i Surnadal innstiller til formannskapet om at dei legg inn ytterlegare innsparingstiltak i si innstilling til kommunestyret, i tillegg til dei tiltaka som allereie er vedteke. Eit av innsparingsforslaga frå kommunedirektøren er å samle all skuleaktivitet i kommunen på Øye-området frå hausten 2026.
I møtet onsdag 26. mars skal formannskapet i Surnadal vedta ei innstilling til kommunestyremøtet 3. april, med ytterlegare innsparingstiltak for å unngå å havne på ROBEK-lista. Kommunedirektøren kjem med ei liste over forslag i si innstilling til formannskapet, mellom anna eit forslag om å endre skulestrukturen.
Sjå sakslista og saksframlegga til møtet på Surnadal kommune si heimeside.
Heilårseffekt på ca. 10 millionar kroner
Kommunedirektøren skriv mellom anna i innstillinga:
"Med bakgrunn i rekneskapen for 2024, som gjev oss eit udekka meirforbruk på ca 17,8 millionar, og eit netto driftsresultat som viste eit meirforbuk (underskot) på 35 millionar er vi på veg inn i Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll). Dette skjer om vi ikkje raskt får vedteke og deretter gjort endringar i organisering og drift som økonomisk verkar svært raskt. Denne saka og forslaga til tiltak tek utgangspunkt i at vi skal unngå å kome på Robek. Det vert ikkje gjeve noko garanti, men med vedtak i tråd med dei tiltaka som gjev mest økonomisk effekt, så vil vi ha størst moglegheit til å unngå ei innmelding.
Vi må ikkje gløyme at utgangspunktet vårt er relativt godt. Vi er på mange måtar ein passeleg stor
kommune. Vi er heldige og har eit godt, variert og aktivt næringsliv, vi er heldige og har ein svært stor og
rikhaldig frivillig sektor med organisasjonar og lagsliv som blomstrar, og der frivilligheita og viljen til å få
det til saman står svært sterkt framleis."
I saksframlegget er det gjort greie for eventuelle innsparingar ved å slå saman to eller tre skular, eller slå saman mellomtrinnet frå alle kretsane på SUBUS. Kommunedirektøren viser i saksframlegget at desse tiltaka dessverre gir begrensa økonomiske effekt.
Dersom all grunnskuleaktivitet blir samla på Øye-området frå skuleåret 2026/2027 vil de gi ein økonomisk heilårseffekt på ca. 10 millionar kroner, skriv kommuendirektøren i saksframlegget.
Ikkje reversibelt
Berekningane viser at ved samanslåing av alle skulane blir det behov for fem klasser meir enn i dag ved SUBUS. Pr i dag er det ikkje plass til desse ekstra klassane ved SUBUS, så ein må óg bruke Gulbygget (flytte 10. trinn dit) for å frigjere klasserom. Vaksenopplæring og integrering må i så fall flyttast til kommunehuset.
Kommundirektøren påpeiker óg at flytting av skular er ikkje reversible prosessar.
Vidare skriv kommunedirektøren at barnehagane forblir der dei per i dag er, i grendene. Det er ikkje kapasitet til å ta dei inn i sentrum på kort sikt. Endringane som er foreslått vil frigje areal (tidlegare skuledrift) som kan vurderast brukt til barnehageverksemd.
Kommunedirektøren forslår óg eit ekstra nedtrekk på ramma til kultureininga, med ca 0,8 millionar, med årsverknad frå og med 2026.
Kommunedirektøren si innstilling til formannskapet:
Kommunedirektøren ber Formannskapet innstille slik til vedtak i Kommunestyret;
(sjå saksframlegget på Surnadal kommune si heimeside for eit meir oversiktleg oppsett. (red.anm.))
1. Kultur
– får eit ekstra nedtrekk f.o.m. januar 2026 og framover
a. Ekstra nedtrekk på ramma med ca 0,8 millionar med årsverknad frå og med 2026.
b. Kommunedirektøren, i dialog med eininga/området beslutter kva aktivitet eller tenester
som vert redusert for å kome ned på ny ramme. Dette vert det orientert om når vi kjem
fram til ordinær budsjettbehandling hausten 2025.
2. Oppvekst
– auka nedtrekk f.o.m. hausten 2026 og framover
a. Det vises til det som er beskrive i saka knytt til avklaringar som er gjort når det gjeld
moglegheiter for å fysisk kunne samle ein, to eller alle dei tre grunnskulane vi har i
bygdene våre på Øye området.
b. I tråd med aktuelle sentrale retningsliner for nedlegging av skular og endring av forskrift
for skulekretsgrenser, vert det iverksett arbeid med mål om å endre strukturen innafor
grunnskuledelen av Oppvekstsektoren vår på denne måten;
1) All grunnskuleaktivitet vert frå skuleåret 2026/2027 samla på «Øye området»
1. Dette vil gje ein økonomisk heilårseffekt på ca. 10 millionar.
2. I ein periode (noko usikkert kor lenge) vil dette medføre at vi må nytte
«Gulbygget» som base for 10 trinnet.
3. Dette alternativet vil medføre at eininga Vaksenopplæring og
Integrering må flytte ut av «Gulbygget» og evt inn på «Heradshuset» og
vil medføre nokre behov for bygningsendringar for å få tilpassa rom for
aktuell undervisning mv.
3) Det vil truleg vere behov for å hente inn og eller frigjere ressursar for å sikre at dei aktuelle prosessane vert gjennomført på ein god, rett og ryddig måte for alle involverte partar. Dette kjem vi tilbake til i prosessen og/eller i tertialrapport/budsjettreguleringssak.
4) Tidslinja for ein sak/prosess knytt til eventuelle nedlegging vert slik;
(Datoar for behandlingar i Kommunestyret)
1. 03.04.2025 – Vedtak om å lage eit høyringsdokument som beskriv
forslag om nedlegging – dette vedtaket
a. Utarbeiding av dokumentet mv.
b. Dette dokumentet erstattar den tekstlege delen av pkt 12
i Kommunestyret sitt vedtak den 19.12.2024.
2. 26.06.2025 – Kommunestyret vedtek det nemnte dokumentet og
sender det ut på aktuelle høyringar.
a. Høyringsfrist vert sett til 15.09.2025
b. Innan fristen vert det arrangert aktuelle dialogforum med
relevante utval og berørte interessentar.
3. 02.10.2025 – Kommunestyre gjer endeleg vedtak om eventuelle
strukturendringar
a. Dette vedtaket dannar då grunnlag for det vidare arbeid
med dei som vert berørt. Dette gjeld då både elevar og
våre medarbeidarar, mfl.
b. Det må også gjennomførast endringar i forskrift knytt til
skulekretsar i etterkant av vedtaket den 02.10.2025,
forutsett at det vert vedtak om endringar.
4. 01.08.2026 – Ny grunnskulestruktur vert iverksett.
3. Bu og aktivitet
a. I dialog med brukarar, foreldre, pårørande, endre organiseringa av deler av tenestene som gjer det mogleg å oppretthalde eit godt tilbod, som samtidig er meir tilpassa dagens og framtidas utfordringar knytt til både bemanning og økonomi.
1. Det er pt usikre anslag men vi vurderer det kan vere bemanningseffektar som økonomisk kan være i området 3-5 millionar på årsbasis.
4. Teknisk drift
(i samråd med andre områder)
a. I dialog med Husbanken, og aktuelle andre offentlege og private aktørar sikre ein god, hensiktsmessig og rask utnytting av dei areala/tomtene som vi har eigarskap til på/rundt Bårdshaugområdet.
1. Ei målsetting med arbeidet er å kunne gjere det endå meir attraktivt for aktuelle innbyggarar å flytte nærare dei offentlege og private tilboda som dei ynskjer tilgang til, og som dei har eller kan få behov for når den helsemessige tilstanden endrar seg.