Portrettintervju: Else Brandvoll Andresen

dame smiler til kamera
Else Brandvoll Andresen - Ei vaskekte bondejente med hjartet på rette staden!

Med hjartet på rette staden

Else Brandvoll Andresen (83) blei fødd i 1941. Ho kom til Surnadal saman med mannen sin  Frode i 1979. No skal vi bli litt betre kjent med denne samfunnsengasjerte, vaskekte bondejenta.

Publisert Sist oppdatert

Barndomsminne

Sittande i godstolen sin kan Else fortelje om sine første barndomsminne. 

– Eg vart fødd under krigen, og eg kan faktisk hugse at tyske soldatar kom på besøk til garden eg vaks opp på, Brandvoll, litt nord for Alvdal. Rørosbanen gjekk berre nokre få hundre meter frå huset, og då kom desse tyskarane på dressinane sine og tagg etter mat.

Else hugsar at mora hennar var ekstremt redd for desse soldatane, særleg på grunn av historier om avrettingar utført av den tyske okkupasjonsmakten. 

– Dei kom inn i huset med våpena klare, og sa «min dressin er kaputt!», fortel Else.

– Eg hugsar at eg vart fascinert over all ammunisjonen dei hadde med seg. Nokre av soldatane hadde belte med patroner hengande på seg. Det var spennande for eit barn.

Heimesjukepleiar

Som 16-åring gjekk Else på kurs i eitt år på Elverum sjukehus, og jobba etter det som heimesjukepleiar. På den tida brukte ho sykkel for å kome seg rundt frå gard til gard. Det var ikkje alltid like enkelt. 

– Det var frykteleg kaldt om vinteren, med nokså dårlege vegar. Eg har opplevd 50 minusgrader to gangar, faktisk, seier Else og rister litt på hovudet. 

Ho budde på heimplassen, vart gift og hadde fem barn saman med første mannen sin. Dei vart etterkvart skilde, og ho trefte Frode sommaren 1972 . Frode og Else vart gift våren 1975, den 7. mars. Dei har èit barn saman, og neste år blir det gullbryllaup. Etter dei vart gifte budde dei ei stund i Oslo, fram til Frode var ferdig med utdanning.  Da flytta dei til Åfjord, der Frode hadde fått seg jobb som dyrlege. Etterkvart vart det Rennebu, før dei endte opp i Surnadal i mai 1979.

Samfunnsengasjert

Else har vore samfunnsengasjert i heile sitt liv, og flytting til Surnadal sette ikkje ein brems for det. Ho har vore president i Rotaryklubben i Surnadal i mange år, og er enda aktiv medlem der. 

Surnadal Folkeakademi er ho òg aktiv medlem i, og ho var leiar der ei stund. Folkeakademiet er ein nasjonal organisasjon, med historie tilbake til 1885. Dei har lokale lag over heile landet, som i sin tur er tilknytte ein distriktsorganisasjon. På nettsida til Folkeakademiet kan du lese:

«Folkeakademiet er ein frivillig organisasjon som fremmer bevisstheit og kunnskap om korleis og kvifor demokratisk praksis dannar grunnlaget for ytringsfridom, friheit til å velgje, og menneskjerettighetar» (folkeakademiet.no).

Her er ho kanskje mest kjend for sitt arbeid med flyktningar som kjem til Surnadal. Else har ei praktisk tilnærming til integrering, og meiner at å ha førarkort er absolutt nødvendig, for å bu lykkeleg på landsbygda.  Ho ga flyktningane hjelp i form av å la dei øvelseskøyre i hennar eigen bil. 

– Folk har ofte spurt om eg er redd når eg køyrer rundt med desse framande i bilen min. Men eg har ikkje vore redd ein einaste gong, seier Else. 

Ho har halde på med dette i mange år no.

– Eg var ute på køyretur i dag formiddag, faktisk, legg ho til med eit smil. 

Heilt fantastisk, meiner mange!

– Eg ser på det som ein sjølvfølge. Desse flyktningane har ingen dei kan øve med, så da kan nokon av oss andre gjere det, avsluttar Else bestemt.

Politikken

Else har òg har vore politisk engasjert. 

– Ja, eg vart valt inn i kommunestyret i Surnadal. Eg vart spurt om eg ville stå på lista, eg sa ja, og vart valt inn. Så da vart det politikk. Foreldra mine var bønder, begge to. Eg er jo ei vaskekte bondejente, så det vart heilt naturleg for meg å være medlem i Senterpartiet. 

Else har faktisk vore andre vararepresentant på Stortinget,for Senterpartiet i Møre og Romsdal,  frå 1993 til 1997,  og fjerde vararepresentant frå 1997-2001 .

svart hvitt-bilde av dame som smiler
Else i godstolen sin.

Held seg aktiv

No, i ein alder av 83, er Else enno oppteken av verva ho har,  i dei laga og foreiningane ho er medlem av. 

– Eg er glad i å synge, og er medlem av Tordenskjold songlag. Det er fint med øving, og å lære nye tekstar, seier ho.

Else og mannen er veldig glade i å gå på ski, med og utan hunden sin, ein flott afghansk mynde. 

Snart er det jul, og den skal ho feire på heimgarden Brandvoll, saman med familien. 

– Eg håpar det blir godt skiføre då. Vi var der for ei veke sidan,  og da var det litt for lite snø enno, avsluttar Else med eit smil og ønske om ei god jul.

 

Artige fakta om Else:

Lyttar til:
Klassisk musikk, særskilt Beethoven.
 – Om eg skal høyre på radio i bilen, er det P1 som gjeld. Der har dei som regel ganske brukbar musikk for mine øyre.

Les:
– Eg har lese ein del reiseskildringar, det tykkjer eg er spennande. Å lese om andre land og kulturar er alltid interessant.

Ser på:
– Som sagt likar eg reiseskildringar, og det gjeld på TV òg. Å følgje med på nokon som reiser rundt omkring i verda, er jo veldig interessant og spennande.
– Eg likte å gå på kino før, men har nesten ikkje vore på kino sidan vi flytta til Surnadal, med eit unntak. Da kom Flåklypa Grand Prix på kino. Eg er jo frå Alvdal, så den måtte eg jo sjå, smiler Else.
– Kjell Aukrust var ein kunstnar, med ein fantastisk fantasi som overgår det meste.

Eter:
– Fårikål. Eg likar all slags mat, men fårikål er kjempemat!

Drikker:
– Til dagleg drikk eg vatn til mat, men til ei festmåltid liker eg eit glas med raudvin.

Rå eller gjennomsteikt:
– Gjennomsteikt.

Elles:
– Som sagt, er eg oppteken av de forskjellige verva mine rundt omkring. Elles er eg glad i å holde meg i form. Eg jogga ein god del før, men no likar eg å gå på ski.

 

Powered by Labrador CMS