Ekstrempendlaren og kunstnaren Ronald West

Ekstrempendlaren og kunstnaren Ronald West

Ronald West (50), ein kunstnar frå Sør-Afrika, er no 50% rindaling og håpar å bli 100% på sikt. Men ikkje vift stolt med rindalsflagget enno, folkens. Det er først og fremst ein rindaling som Ronald har falt for, og ikkje sjølve Rindal. Men kjærleiken veks der og.

Publisert Sist oppdatert

Ronald trefte Inga da han var invitert til å stille ut sine måleri på Kulturvøkku i Rindal. No, 18 månadar seinare, sit han her med kaffe i handa og planar om ei framtid i Noreg. No skal vi bli betre kjent med Ronald.

Oppvekst i Sør Afrika

– Du er langt heimefrå, Ronald. Kor vart du født? 

– Eg vart født i 1974 i Stellenbosch, ein by utanfor Cape Town i Western Cape provinsen i Sør-Afrika. Eg gjekk på skule der, ein skule for berre gutar, heilt fram til eg var 18 år gammal. I denne tida starta eg på kunstskule. 

Etter skuletid gjekk han på kunstskule. Studentar frå fire forskjellige skular i byen gjekk der. 

– Dei fleste gutane på skulen min dro på rugbytrening, medan eg valde kunst. Eg hadde teikna frå ung alder, men på kunstskulen tok eg faktisk skulptur som hovudfag, forklarer han på engelsk med kjent sør-afrikansk aksent.

Ronald kan fortelje at Stellenbosch er ein flott by, med universitet og travelt gateliv fullt med kafear og restaurantar, noko som absolutt har vore med på å inspirere det kunstnariske utrykket hans.

– Det er óg 150 vingardar i området rundt Stellenbosch. Det er eit stort og viktig område for vinproduksjon og -distribusjon. Ingen tvil om at det har prega kunsten min og, seier Ronald med eit smil.

Studentliv og arbeid

– Etter skulen kunne eg ha studert på universitet, men eg bestemte meg å dra til Cape Town for å studere grafisk design på Cape Technikon, seier Ronald.

Men ein ung Ronald fann ganske fort ut at han ikkje var strukturert nok, og alt for kreativ, til å studere faget. 

- Eg var meir ein fine art-kunstnar, men å være grafisk designar er nesten som å være ingeniør. Du må være både kreativ og god på matematikk, og eg var meir enn kreativ nok. Men resten, ja, eg fant ut etter berre eit år at dette ikkje var noko for meg, seier Ronald med latter i stemmen.

Etter det prøvde Ronald litt forskjellig, alt frå å være servitør i ein bar på eit tog, til å jobbe i fleire blomsterbutikkar. Etter det fekk Ronald jobben som nestleiar på Delheim Wines, ein stor og kjent gard, som produserar vin av høg kvalitet.

– Det var tre harde år som lærte meg mykje om hardt arbeid og ståpåvilje, med oppstart klokka 06.00 og ikkje slutt før 18.00. Med ein temperatur midt på dagen på mellom 38 og 42 gradar. 

Ein flørt med teologi og draumen som forandra alt

– Tru det eller ei, ler Ronald, men etter det var eg på bibelskule i éit år og studerte teologi. Der trefte eg ekskona mi.

Etter to år saman gifta dei seg, og Ronald starta i nok ein ny jobb, for Panasonic. Der var han ansvarleg for sal av store nettverkstilkopla fotokopimaskiner til bedrifter. 

– Eg gjorde det bra der, men stressnivået heldt på å ta knekken på meg.

Men som nybakt far, måtte Ronald sørge for nok inntekt og å få mat på bordet til han, kona og sonen. Så seier Ronald med alvor i stemmen: 

- Ein morgon vakna eg etter ein draum, ein ekstremt realistisk draum der eg døydde! Dette tok Ronald som eit varsel, og sa opp jobben sin på måndagsmorgonen. 

- Eg sa til ekskona mi at om eg blir i den jobben, kjem eg til å døy.

Han kjøpt seg staffeli, og etter ti år utan noko som helst med kunst å gjere, starta han å male. 

– Dei første tre månadane var drit! Ingen inntekt å snakke om, og kona mi var heime med sonen vår på tre månader. Folk sa eg var dum. 

Men så snudde vinden, og Ronald sine fargerike kunstverk vart oppdaga av eit galleri i byen. Den første utstillinga vart rask utselt, og dama som dreiv galleriet sa ho ville kjøpe så mange maleri som Ronald klarte å levere. Det tok ikkje lang tid før han tente meir pengar enn han hadde tent hos Panasonic. 

- Eg signerte ein kontrakt med galleriet i Cape Town,og derifrå begynte eg å delta på kunstfestivalar . Han deltok på Klein Karoo Nasionale Kunstefees, afrikaans for "Liten Karoo Nasjonal Kunstfestival", og der kom det 100 000 besøkande kvar dag. 

- Det gjekk veldig bra for meg der, og det ga karrieren min  eit skikkeleg godt spark i ræva, seier Ronald. 

Men det stoppa ikkje der, og Ronald fekk fleire tilbod frå fleire galleri. Han kunne til og med være selektiv på kven som skulle få stille ut verka hans.

Fargerik moro

Kunstverka til Ronald er lette å kjenne igjen. Fargerike og morosame skildringar frå kafélivet i ein liten by, kanskje fra Sør-Frankrike, eller Nord-Italia på 40-50 talet. Gjentakande motiv er frodige damer, katter, vin og ein kelner i ein svart dress. 

– Eg trur eg var ein av dei første som gjekk imot trenden med tynne damer i kunst. Eg likte den meir frodige forma, sensuelle damer med kurver, sterke kvinner som drar ut åleine. Dei drar til ein café på sykkelen sin, koser seg med vin, dansar og gir faen i kva andre meiner, seier Ronald.

– Mor mi var ein del av inspirasjonen her. Ho var ei veldig sterk kvinne, særleg etter at far min forlét oss medan eg enno var barn, tilføyer Ronald. 

-Det har heilt klart påvirka kunsten min. Sjølv om eg aldri har vore i Italia eller Frankrike, reflekterer tankane og fantasiane mine områda i bilda eg målar, av menneske på syklar med kurver frampå, fyllt med nybakt brød og vin og så vidare.

– Er humoren vi ser i maleria dine  lagt inn med vilje? 

– Ja, eg ville ha litt humor og frekkheit.  Og det slo an. Særleg blant folk som var ute etter litt lettare kunst. 

Ronald selde ein god del maleri med vin-tema, til folk som ville ha kunst i barane sine heime. Dette leidde til arbeid for vingardar som hadde smaksrom der kundane kunne smake før dei kjøpte. Han vart engasjert til å lage kunst til plakatar som illustrerte vinsmakingsterminologi til dei besøkande. Funksjonell kunst, altså. Og så vart Ronald engasjert av ein stor vinleverandør å lage kunst til etikettane på vinflasker. 

– I Sør-Afrika kan du kjøpe vin i matbutikkane, og det er ofte damene som kjøper inn vin og mat, fortel Ronald. 

Etikettane til Ronald viste seg å tiltrekke denne kundegruppa, og vinen selde ekstremt godt! 

– Eg var litt naiv den gangen, og fekk betalt ein fast sum for jobben. Om eg hadde visste kor mykje dei selde, skulle eg tatt kommisjon per flaske, ler Ronald. 

Etter skilsmissa i 2009 flytta Ronald til Cape Town, og der bodde han heilt fram til 2023.

Ronald West

Inga på Instagram

– Korleis trefte du Inga? 

-Inga tok kontakt via min Instagram, for å kjøpe eit maleri ho hadde sett der. Det var dessverre seld, men eg ga ho tilbod om ein kommisjon, dvs. at eg kunne male noko spesielt for Inga, med litt innspel frå ho om motiv.

Inga takkar algoritmen på Instagram for at dei treftes: 

– Den veit at eg liker katter og fine kjolar. På mobilen såg eg ei dame i ein fin kjole på ein sykkel, med ein svart katt oppi ei korg frampå sykkelen, og masse blomster, skyt Inga inn frå andre sida av rommet. 

Dette leia til fleire samtalar mellom Inga og Ronald. Inga visste at Rindal Sparebank feira 150 år, og hadde ekstra midlar å bruke i samband med jubileumsåret. Inga spurte Ronald om han var interessert i å stille ut, og han sa ja. Banken var positiv til besøk av Ronald, og etter at midlane vart tildelt sette Inga og Ronald igang prosessen med å få han og 90 kunstverk til Noreg. Alt gjekk fint, bortsett frå at det tok såpass lang tid til å ordne visum, at flybillettane hadde auka i pris og åt opp budsjettet for overnatting. Heldigvis hadde Inga eit gjesterom i huset sitt, og Ronald kunne bu der. Resten, som dei seier, er historie.

– Ronald, du er klar over at du har måla Inga i mange år utan å være klar over at det er Inga du måler? 

– Ja!, seier Ronald og flirer høgt. 

– Det er mange som har sagt det, barna mine har og lagt merke til det. Når eg først trefte Inga tenkte eg; Shit! Eg har måla henne i årevis utan å kjenne ho ein gong. Det var veldig rart.

Kultursjokk!

Det var fleire ting som var litt rart for Ronald da han flytta til Rindal. 

– Eg forstod ikkje korfor folk hadde stigar rett utanfor husa sine,  rett attmed eit vindauge. For meg kunne det like gjerne ha vore hengt opp eit «Innbrotstjuvar er velkomne»- skilt, ler Ronald. 

– Det var ei dame som mista veska si under utstillinga mi, men nokon fann den og den sto på trappa til huset hennar, komplett med alt av innhald, når ho kom heim. 

Han er imponert over kor ærlege og vennlege folk er. Han og Inga var nyleg i Oslo på kunstmuseumbesøk, og då og merka han andre kulturelle forskjellar. 

– Eg sto på gata ein morgon etter frukost, og når folk gjekk forbi helsa eg på dei, som eg ville ha gjort heime i Sør-Afrika. Ingen helsa tilbake, og dei fleste såg litt rart på meg, før deg skunda seg forbi, med blikket ned mot fortauet. 

Men til og med i storbyen kjente han ein stor forskjell frå Sør- Afrika, særleg det med å føle seg trygg uansett kor han måtte gå, eller opphalde seg.

Kontrastar

Kontrasten mellom været i Sør-Afrika og Rindal var så klart ganske ekstrem.

– Til og med juni opplevde eg som kald. Eg tenkte for meg sjølv, korleis skal eg overleve ein vinter her?, seier Ronald og ler høgt. 

Men den største kontrasten var kanskje, spesielt sommarstid, fargene, og særleg kor grønt det er. 

– Eg kan aldri bruke den grønfargen i kunsten min. Den fargen er så sterk,  at den ville ha framstått som falsk, forklarer Ronald.

Ekstrempendling

Ronald håpar å få opphaldsløyve i Noreg. Men fram til den lange prosessen er ferdig, blir det pendling mellom Rindal og Cape Town. Han får visum for maksimum tre månader om gongen, og må være heime i Sør-Afrika i minst tre månader før han kan kome tilbake i tre månader til. Ekstrempendling, kan du seie, men Ronald meiner det er verdt det, eller betre sagt: Inga verdt det! 

-Eg ville ha flytta kor som helst på kloden for Inga, avsluttar Ronald.

Artige fakta om Ronald:

Oppkalla etter: Min far. Han var ein Ronald han òg.

A-eller B-menneske: Stort sett B, men det varierer. Eg jobbar best om natta,  og liker ikkje alltid å stå opp tidleg. Men Inga er litt meir A menneske, og det har ein effekt på min døgnrytme mens eg er her.

Fritidsaktiviteter: Å sove og ete! I Sør-Afrika lever eg litt meir som ein eremitt. Står opp med sola, et frukost ute og matar fuglane. 

– Oh, og å jobbe i hagen. Eg er ein ivrig gartnar.

Lytter til: Ganske brei smak, med alt frå lett klassisk til rock og grunge. Eg likar ikkje typisk popmusikk, men kan anbefale Buddha Bar- musikk, fantastisk  musikk frå rundt om i verda, miksa opp på moderne vis.

Ser på: Eg har ein stor svakheit for science fiction , enten TV-seriar eller på kino.

Les: Eg har lese to bøker i mitt liv. Eg har dysleksi så det er hardt arbeid å lese. Eg høyrer heller på podcasts. Eg er fascinert av geopolitikk, og særskilt det som skjer i USA for tida.

Sakn: Uskylda i barndomen. Det er noko magisk med, i ein nydeleg by som Stellenbosch,  å sykla på ein sykkel med sol i ansiktet, vind i håret og utan ei einaste bekymring i verda.

Et: T-bonesteik med eit godt feittlag. Servert med squash (sørafrikansk type som heiter for skorsie, eller gem squash på engelsk) og søtpotet. Etter kvart har eg vorte veldig glad i fisk! Særleg her i Noreg.

Rå eller gjennomsteikt: Rå.

Elles:

 -Eg gler meg til å få kunsten min betre kjent her, og i Europa. Eg likar å få folk til å smile når dei ser kunsten min. Eg likar å tenkje på ein tenåringsgut som flirer når han ser på eit maleri med ein g-streng som heng ute til tørk, eller ein frodig pupp på ei dame som nyter eit glas vin.

Powered by Labrador CMS