Mannen bak skranken
Sverre Fiske (49) har jobba i banken i ei årrekke og er kjent for det store smilet sitt, som er det første ein møter når ein kjem til banken, som vi no kjenner som Sparebank 1 Nordmøre. Han er med eigne ord, heimkjær, glad i sport og liker ein god biff. No skal vi bli litt betre kjent med «mannen bak skranken».
Banklivet
Over ein god kopp kaffe i banken kan Sverre fortelje at han har jobba, så å seie, i same bank sidan han var student. Han studerte idrett og pedagogikk i Trondheim, og hadde eit vikariat i Stangvik Sparebank.
Han hadde tenkt å halde fram med utdanninga si, men når det kom eit tilbod om fast stilling i banken, måtte han velje. Valet var litt vanskeleg, men likevel enkelt, seier Sverre
- Eg er kjøle glad i å være heime i Surnadal. Eg er heimkjær og er ikkje så glad i store byar. Kanskje å besøke dei, men å kome heimatt til senga mi sjølv, er eg veldig glad i.
- Så du har jobba i banken heile livet då?
- Ja, eg starta som ferievikar i Stangvik Sparebank sommaren 1997 ,og etter det har eg ikkje slutta, faktisk.
Sverre smiler det velkjente smilet og tilføyer:
- Du kan seie at eg har jobba på same plass heile vegen. Først Stangvik Sparebank, som vart til Surnadal og Stangvik Sparebank, så vart det Surnadal Sparebank og så no til slutt, Sparebank 1 Nordmøre. Det har vore store endringar, då. Å være bank no er langt ifrå å være det same som det var før.
Positive endringar
Endringar er ikkje alltid velkomne, men Sverre har dette å seie om det:
- Mange kanskje liker å tru at det er, for det meste, dårlege endringar, men det vil ikkje eg seie. Det er nokre positive endringar, vi er jo nøydde til å følgje med, elles blir vi ferdige. Vi må henge med, vi kan ikkje være kjempegamle og trauste, sjølv om eg kanskje trivdes med det, kjenner eg at det er ikkje vegen å gå.
Sverre har jobba stort sett heile tida bak skranken i banken, men han har òg jobba på det dei kallar for «bakdisk», kontoret der kundar kan få hjelp med oppsett av mellom anna nye konti og nettbank.
Å ha personar å treffe i banken ser Sverre på som ein konkurransefordel, og sjølv om opningstida blir kortare, så er han og andre der for å hjelpe når det trengs. Sidan bankane blir meir og meir nettbaserte , så kan kundar ha behov for hjelp med å få desse tenestene på plass. Sverre hugsar godt ei eldre dame som sleit med å ordne nettbank på telefon. Ho dukka opp ein dag, litt oppgitt over dette med bank på mobil, og Sverre hjelp ho med installering av appen. Ho vart såpass fornøgd at ho kom tilbake neste dag og sto i køen berre for å takke Sverre for den gode hjelpa ho hadde fått dagen før. Sverre smiler og legg til :
- Ho var forferdeleg glad!
Sverre fortel at han blir stadig vekk overraska over kor glade og takknemlege folk blir av å få slik hjelp, noko som han ser på som ein heilt naturleg del av jobben sin.
Fotballtrenar og sportsfan
- Så kva gjer Sverre når han ikkje er på jobb?
- Eg er ganske roleg av meg for tida, men eg likar å gå små og litt lengre turar saman med Liv, som eg er gift med.
Sverre er òg kjent for sitt arbeid som fotballtrenar for Surnadal idrettslag. Han har vore trenar lenge:
- I omtrent 15 år, 10 år for sonen min, og 5 år for dottera mi. Å være trenar over så lang tid er magisk, smiler Sverre og fortset:
- Akkurat no har eg ingenting med fotball å gjere. Det har vore eit friår no, og det er rart, men godt. Eg trur Liv er glad, då. Ho har eigentleg ikkje levd med meg utan fotball, og eg har vore mykje vekke.
- Kjem du til å ta på deg trenartrøya igjen i framtida?
- Eg har vore spurt om å gjere comeback som trenar, seier Sverre, men han trur nok at han ikkje kjem til å ta på seg trenarjobben igjen, sjølv om det kan bli freistande.
- For det er supersosialt å være trenar, med gode medtrenarar og lagleiarar.
No er det å sjå på fotball som har teke over. Sverre har alltid lika å sjå på fotball, og no har han meir tid til det. Det er lokal fotball som står mest i fokus, sjølv om han heier litt på Rosenborg. Det same gjeld sport generelt, å følgje med på lokal sport av alle slag tykkjer Sverre er kjempeartig.
- Eg vaks opp i ein sportsfamilie, kan du seie, og dreiv med alt frå langrenn til fotball. Sverre smiler og forklarer at han like godt kunne ha satsa på ski som på fotball, og at det var eigentleg berre tilfeldig at det vart fotball. Langrenn er enno ein stor interesse, og sjølv om han ikkje går like mykje på ski som før, liker han veldig godt å følge med på TV og internett, på både nasjonalt og lokalt nivå.
- Når Liv spør meg om eg kan ta en tur til butikken på handel må eg sjekke TV-programmet, slik at eg ikkje går glipp av noko.
Artige fakta om Sverre Fiske
Født: 1975 i Surnadal.
Gift med Liv, med til saman fire barn.
Oppkalla etter: Bestefar Sverre Ragnar Warvik, som var skreddar på Grimsmoen.
Offside! Tykkjer offsideregelen eigentleg er enkel å forstå, men frykteleg vanskeleg å forklare. Eller var det frykteleg lett å forklare og vanskeleg for somme å forstå?
Musikk (spele): Har spela skarptromme i skulekorpset.
Musikk (høyre): Liker ikkje slik «gullkjedemusikk!» (rap-musikk altså), men elles alt av rockemusikk.
- Eg er òg veldig glad i norsk musikk av alle slag, frå Vamp til Jokke og Valentinerne, og Henning Sommero med "E Slåttatæja" og "Vårsøg", så klart!»
Radio: NRK P4 i bilen. Dei har ei god blanding av alt.
- Eg og Liv høyrer sjeldan på musikk saman. Eg tykkjer musikken som Liv likar er kjedeleg, Pink Floyd for eksempel... alt for langsam og kjedeleg, men Liv elskar dei!
Podcast: Alle som har med fotball å gjere.
Ser på: Sport på TV og filmar på kino.
Les: Ikkje ein favorittaktivitet, og kan forårsake søvn innan få minutt, men har lest ei Tiger Garté bok, og «Jeg er Zlatan» av Zlatan Ibrahimović.
Mat: Pepperbiff med fløtegratinerte poteter, pommes frites, brokkoli, og kanskje gulrøter attåt.
Rå eller gjennomsteikt? Medium.
Drikke: Iskald Pepsi Max.
Saknar: Vintersport på NRK.
Elles: «Det som opptek meg no er eit godt og roleg liv med familien min. Eg har ei snill kone, to barn, to bonusbarn, og no har eg vorte bonusbestefar. Det er kjempestas!