No har Blomstermakeriet opna dørene på Skei
Fredag opna den nye butikken "Blomstermakeriet" i Landbrukshuset på Skei. Det var jamt med folk på opningsdagen, og Karen Oddny og Sigfred Gravvold var godt nøgde.
Når Trollheimsporten kjem i 14-tida fortèl Karen Oddny Gravvold at det har vore folk i butikken heile dagen, og at det har vore godt med sal.
– Det har gått over all forventning eigentleg, legg Linda Strand til.
Både Linda og Olena Vashkeba blir å møte i butikken framover.
No håpar dei at fortsettelsen òg blir like bra, og at folk vil nytte seg av butikken som kjem til å ha ope frå måndag til laurdag.
Sigfred har stått på som berre det i forkant av opninga og snekra det meste av møblar sjølv. Dei har brukt lokale leverandørar av materiale og utstyr frå Surnadal, Rindal og Orkdal.
Julebutikken let vente på seg ei lita stund til.
– Vi følger litt gammel skikk og skal ha advent først, seier Sigfred.
Karen Oddny og Sigfred har god erfaring frå å ha drive heimefrå i fleire år, og ser no fram til å kome i gang i den nye butikken. Dei vil fortsette med gravstell, vasking og graving i tillegg til å drive blomstebutikken.
No håpar dei at kundene vil bruke butikken både til seg sjølv, til gåver og til alle slags anledninger som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Etter kvart vil dei òg dele inn butikken i to rom, så det blir anledning til å ta ein samtale omkring til dømes blomar til gravferd.