3 venner utvider
Glede for fleire enn 3 venner
Det var ei sterkt rørt Camilla Løften som på vegne av kollegane sine opna dei utvida lokala til 3 venner i Rindal sentrum fredag. I kveld har dei ope til kl. 01.00.
Etter at køen som hadde venta på å få komme inn hadde funne seg plassar inne i det koselege lokalet, ønska Camilla Løften dei spente gjestane velkomne inn.
Den rørande måten ho gjennomførte det på varma alle som var der. Dei fekk ta del i den store gleda vertskapet hadde når dei baud på gratis kaffe og kake som markering av velkomsten.
Ekstra hyggeleg var det for dei faste gjestane frå kjellarlokalet å høre kor stor pris Camilla sette på dei. Det var særleg to trufaste lønsjgrupper som har møttest der kvar fredag i mange år som ho karakteriserte som ekstremt trufaste gjestar.
Spisestaden 3 venner har fram til i dag hatt lokaler i sokkelen til bygget som har gått under namnet El-Co-bygget på folkemunne. Dermed var inngangen nokså anonym på sørsida av det nordvendte bygget.
Dei siste månadane har vindua på El-Co-bygget vore tildekka, og vi visste at det foregjekk noko bak gardinene. - 3 venner skulle flytte opp, sa rykta.
Denne fredagen skulle spenninga utløysast. Vi skulle få sjå dei nye kafelokala!
Det er Nils og Turid Stokke som eig huset (TNS Holding). El-Co har leigeavtale for første etasje. Dei leiger ut det som tidlegare var visningsrommet deira til 3 venner. Dei har kontor og lager i same bygget som før. Elles kan besøkande sjå raffinert bruk av belysning i lokala til 3 venner!
Det har vore mange lokale firma i sving innom veggene den siste tida, og Camilla takka dei for godt arbeid og samarbeid., men først takka ho Stian Bekken som hadde jobba der for El-Co. Han hadde "masa" om ei slik utviding i mange år, sa ho.
Dei lokale firma som vart lista opp var Bergmoen for trappa mellom etasjane, Alf Kvam, Rindalslist - for løysinga med spaltevegg, Rindal Sparebank, Rindal kommune - og Gaute Røen og onkel Ola for gode praktiske løysingar.
Rundt i lokalet var det også plass til produkt frå lokale produsentar: skinn og lammekjøtt, direkte frå Trollheimen via Kamslett gård, og ullgarn og villsauskinn frå Gerd Eva Slettvåg på Tretta. I ei hylle står det spesialpakka honning frå onkel Lars i Melhus!
Alle foto: Ole Trygve Foseide