Innhaldsrik 17. mai-feiring på Nordvik
Nordvik Grendalag hadde invitert nordvikgardingane til tradisjonell 17. mai-feiring i Nordvik forsamlingshus. Her var det synging av nasjonalsong, tale for dagen ved Kirsten Marie Nordvik, sodd, leikar for ungane, loddsal, quiz og kaffe og kaker. Også på Nordvik var det strålande vêr under Nasjonaldagsfeiringa.
Før folket vart invitert inn i forsamling, ønskte leiar i 17. mai-komiteen, Ann Kristin Nerland alle velkommen. Så song alle dei rundt 70 frammøtte «Ja vi elsker». Før alle vart invitert inn og til bords.
Første post på programmet var dagens tale ved Kirsten Marie Nordvik. Ho helt ein fin og reflektert tale, der hovudtemaet var kor trygt og godt det er å vekse opp i Norge, og at du sjølv har stor friheit til å ta dei vala du vil for livet. Etterpå vart det servert sodd, loff og saft.
Etter maten flytta folk seg til Øygarden stadion, der det var leikar for ungane, loddsal og Quiz. Her var det også mogleg å få kjøpt både is og brus, og i det varme og fine vêret gjekk strålte salet i kapp med sola.
Til slutt vart alle invitert inn i forsamlingshuset att til kaffe og kaker. Det vart ei fin og verdig markering av Nasjonaldagen på Nordvik.